Hjem
Studentsider
Masteremne

Rettleiing i praksis

Hovedinnhold

Mål og innhald

Emnet har som mål å byggje opp grunnleggjande forståing for korleis god rettleiing av studentar i praksis førar til læring. Deltakarane i emnet vil få trening i pedagogiske rettleiingsteknikkar. 

Kurset handlar om korleis grunnlaget for rettleiing leggjast, viktigheita av god kommunikasjon, rettleiingsteknikkar; refleksjon i individuell rettleiing og gruppeveiledning, evalueringsmetoder og vurdering av studentar si skikketheit. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap 

Studenten.. 

  • Forstår og kan drøfte det teoretiske grunnlaget for rettleiing 
  • Har inngåande kunnskap om dei viktigaste føresetnadene og læringsmiljøet si betyding for læring i praksis   
  • Har grunnleggjande teoretisk kunnskap om kommunikasjonsprosesser i rettleiingssituasjonen 
  • Veit korleis ein vurderer studentar si skikketheit i praksis og korleis ein skal forhalde seg i skikketheitssaker 

Ferdigheiter 

Studenten.. 

  •  Kan bruke ulike samtaleverktøy for å bidra til refleksjon og læring hos studentar i praksis 
  •  Kan fasilitere én-til-én rettleiing og gruppevrettleiing, samt rettleiing i tverrprofesjonelle grupper 
  •  Kan planleggje og gjennomføre strukturerte rettleiingsprogram 
  •  Behersker bruk av enkle verktøy og prosedyrer for vurdering og tilbakemelding 

Generell kompetanse 

Studenten..

  • Har innsikt i og kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar i rettleiarrolla 
  • Kan grunngi eigen rettleiingspraksis ut fra relevant teori, empiri og erfaringskunnskap 
  • Reflekterer kritisk over eigen rettleiingspraksis og rettleierrolle 

Krav til forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskap om Mitt UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset inneber

1) eigenstudie med førebuing til kvar kursdag (informasjon på MittUiB)

2) Samlingar (totalt 12 timar)

3) Innlevering av arbeidskrav som omfattar videoopptak av ein individuell rettleiingssamtale samt eit refleksjonsnotat basert på opptaket og med utgongspunkt i litteraturen. Deltakaren skal sjå på éin annan deltakar si innlevering, og gi skriftleg tilbakemelding.

Arbeidskravet skal gjerast i løpet kursperioden og utanom undervisinga.

4) Valfri eksamen som består av innlevering av eit nytt videoopptak av ein 2. rettleiingssamtale med tilhøyrande refleksjonsnotat. Faglærar vurderer dette og gir ei skriftleg tilbakemelding og karakteren bestått/ikkje bestått.

Til eigenstudie bereknar vi 3 arbeidsdagar gjennom heile kursperioden (=24 timar) og til arbeidskravet og innleveringa bereknar vi ca. 2 arbeidsdager (=16 timar)

Vurderingsformer

Emnet gir 2 studiepoeng ved fullført arbeidskrav som beskrive over.

Emnet gir 3 studiepoeng dersom kandidaten i tillegg gjennomfører ein avsluttande munnleg eksamen.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Kontakt

Kontaktperson:

Lisbeth Rustad

e-post: Lisbeth.rustad@uib.no

Kursdatoer våren 2022:

Mandag 7. februar klokka 09:15-13
Mandag 14. februar klokka 09:15-13
Mandag 21. februar klokka 09:15-13

For påmelding til emnet: Påmelding til MEDPVEIL602 kurs i praksisveiledning våren 2022 (uib.no)

Eksamensinformasjon