Rettleiing i praksis
- Studiepoeng2
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeMEDPVEIL602
- Talet på semester1
- Ressursar
Hovedinnhold
Mål og innhald
Emnet har som mål å byggje opp grunnleggjande forståing for korleis god rettleiing av studentar i praksis førar til læring. Deltakarane i emnet vil få trening i pedagogiske rettleiingsteknikkar.
Kurset handlar om korleis grunnlaget for rettleiing leggjast, viktigheita av god kommunikasjon, rettleiingsteknikkar; refleksjon i individuell rettleiing og gruppeveiledning, evalueringsmetoder og vurdering av studentar si skikketheit.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten..
- Forstår og kan drøfte det teoretiske grunnlaget for rettleiing
- Har inngåande kunnskap om dei viktigaste føresetnadene og læringsmiljøet si betyding for læring i praksis
- Har grunnleggjande teoretisk kunnskap om kommunikasjonsprosesser i rettleiingssituasjonen
- Veit korleis ein vurderer studentar si skikketheit i praksis og korleis ein skal forhalde seg i skikketheitssaker
Ferdigheiter
Studenten..
- Kan bruke ulike samtaleverktøy for å bidra til refleksjon og læring hos studentar i praksis
- Kan fasilitere én-til-én rettleiing og gruppevrettleiing, samt rettleiing i tverrprofesjonelle grupper
- Kan planleggje og gjennomføre strukturerte rettleiingsprogram
- Behersker bruk av enkle verktøy og prosedyrer for vurdering og tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten..
- Har innsikt i og kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar i rettleiarrolla
- Kan grunngi eigen rettleiingspraksis ut fra relevant teori, empiri og erfaringskunnskap
- Reflekterer kritisk over eigen rettleiingspraksis og rettleierrolle
Krav til forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskap om Mitt UiB
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Kurset består av obligatotiske fysiske samlingar, eigenstudie og innlevering av arbeidskrav.
Det blir to samlingar på totalt 10 timar. Undervisinga er deltakaraktiviserande, og består av formidling av grunnleggjande prinsipp, diskusjonar og praktisk trening. Det er krav om førebuing til kvar samling.
Arbeidskrava omfattar to innleveringar, pluss å gi ei skriftleg tilbakemelding.
Fyrste innlevering er videoopptak av ein individuell rettleiingssamtale med student, samt eit refleksjonsnotat basert på opptaket og med utgongspunkt i litteraturen. Deretter følgjer kvarandrevurdering kor deltakaren skal sjå på éin annan deltakar si innlevering, og gi skriftleg tilbakemelding.
Siste innlevering er eit videoopptak av ein rettleiingssamtale med kollega, samt refleksjonsnotat basert på opptaket og med utgongspunkt i litteraturen.
Arbeidskrava skal gjerast mellom dei to samlingane og innan bestemte fristar.
Til eigenstudie og førebuing reknar vi ca. 3 arbeidsdagar gjennom heile kursperioden (minst 24 timar) og til arbeidskravet og innleveringa bereknar vi ca. 4 arbeidsdagar (minst 32 timar). Samlingane blir totalt på 10 timar.
Vurderingsformer
Emnet gir 3 studiepoeng ved oppmøte på undervising samt fullført obligatoriske arbeidskrav.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Kontakt
Kontaktperson: Lisbeth Rustad, lisbeth.rustad@uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Obligatorisk deltaking
- Trekkfrist
- 01.09.2022
Vurderingsordning: Munnleg
- Trekkfrist
- 01.09.2022