Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Medisinsk statistikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/integrert master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Medisinsk statistikk er eit fag som skal gi innføring i moderne statistiske metodar i medisinsk forsking. Faget omfattar bruk av matematikk for å skildre uvisse i målingar og modellere røynda. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap om kva rolle uvisse har i medisinsk forsking, og korleis slik uvisse kan handterast. Metodegrunnlaget er svært viktig for å kunne fortolke resultat frå dei fleste slag av medisinsk forsking. Kurset fokuserer på metodegrunnlaget for randomiserte kliniske forsøk.

Innhald:

Kurset skal gi studenten kunnskap om:

Deskriptiv statistikk, enkel sannsynsregning, diagnostiske testar, fundamentale fordelingar, viktige metodiske omgrep/storleikar, hypotesetesting, estimering med konfidesintervall, fundamentale testprosedyrar, korrelasjon, regresjonsmetodar, overlevingsanalyse og prinsipp for analyse av randomiserte kliniske forsøk.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for:

  • sannsynsteori
  • deskriptiv statistikk
  • diagnostiske testar
  • fundamentale fordelingar
  • estimering og hypotesetesting
  • korrelasjon og regresjonsmetodar
  • overlevingsanalyse
  • metodar for analyse av randomiserte kliniske forsøk

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • skilje ulike variabeltypar frå kvarandre
  • beskrive ei samling observasjonar ved å teikne figurar og nytte mål for sentraltendens og spreiing
  • sette opp eit sannsynlighetstre for ein diagnostisk test
  • rekne ut positiv-prediktiv verdi for ein test
  • rekne ut negativ-prediktiv verdi for ein test
  • rekne ut sensitivitet for ein test
  • rekne ut spesifisitet for ein test
  • nytte tabellar for normalfordeling, t-fordeling og kji-kvadrat-fordeling
  • rekne ut punktsannsyn for Poisson-fordeling og binomisk fordeling
  • nytte normaltilnærming av Poisson-fordeling og binoimsk fordeling når dette er relevant
  • rekne ut og tolke standardfeil, p-verdiar og konfidensintervall for kontinuerlege variablar, typisk ved bruk av t-test og t-fordeling
  • rekne ut og tolke standardfeil, p-verdiar og konfidensintervall for binære variablar, typisk ved bruk av kji-kvadrattest og konfidensinterval for relativ risiko, odds-ratio og risikodifferanse
  •  
  • teikne og tolke Kaplan-Meier-plot, rekne ut og tolke  p-verdi for log-rank test for forløpsdata (overlevingsdata)  
  • rekne ut nødvendig utvalsstorleik for å få ein viss statistisk styrke på ein test
  • rekne ut nødvendig utvalsstorleik for å få ein viss statistisk presisjon på eit estimat
  • formulere grunnleggande prinsipp for randomiserte kliniske forsøk
  • gjennomføre grunnleggande statistiske analyser av randomiserte kliniske forsøk
  • tolka og kritisk vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur, spesielt i randomserte kliniske forsøk
  • rekne ut og fortolke ein korrelasjonskoeffisient
  • fortolke koeffisientane i lineær regresjon
  • fortolke koeffisientane i logistisk regresjon
  • fortolke koeffisientane i Cox-regresjon
  • nytte regresjon til statistisk inferens og prediksjon

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studentane:

  • kritisk vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur, spesielt frå randomserte kliniske studiar
  • bruke medisinsk statistikk for å halde seg orientert innan fagområdet sitt
  • reflektere over bruken av medisinsk statistikk i eigen fagleg utøving, og justere denne under rettleiing
  • Gjennomføre varierte arbeidsoppgåver knytt til bruk av medisinsk statistikk i prosjektarbeid, åleine og som deltakar i gruppe.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk R2 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med tilsvarande undervisning i MEDOD2 (5 stp).

Krav til studierett

Medisinstudiet, Integrert mastergrad i odontologi, Integrert master i farmasi eller Bachelor i ernæring.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er basert på 28 undervisningstimar med variert innhald og 8 timar grupperettleiing knytt til individuelle obligatoriske innleveringsoppgåver.

Studentane skal møte forberedt til undervisningstimane som inneheld korte førelesningar og arbeid med oppgåver. Det blir gitt to sett med heimeoppgåver og tilbod om arbeid i grupper med rettleiing. Det er innlevering av oppgåvene med tilbakemelding undervegs.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er basert på 28 undervisningstimer med variert innhald og 8 timar grupperettleiing knytt til individuelle innleverings oppgåver.

Studentane skal møte forberedt til undervisningstimane som innehelder korte førelesningar. Studentane skal også arbeide med oppgåver i undervisingstimene i kurset. Det blir gitt to sett med heimeoppgåver som det skal arbeidas med i grupper med rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk mappe med to innleveringsoppgåver og ein MCQ-test

Vurderingsformer

Vurderinga i emnet består av tre frittståande element med eigne fristar, som samla utgjer karakteren i emnet. Desse er:

  • Innleveringsoppgåve 1
  • Innleveringsoppgåve 2
  • MCQ-test (fleirvalstest)

Alle deler må vere bestått for å bestå emnet som eit heile. Ved stryk på MCQ-test blir det gjeve nytt forsøk samme semester. Ved stryk på innleveringsoppgåve vil nytt vurderingsforsøk vere i semester med undervisning.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med MEDOD2 (5 stp).

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programutvalene for farmasi og ernæring.

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin,

e-post: studie@igs.uib.no

Kontakt

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg: Øystein A. Haaland

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: To godkj. oppgåver, skriftleg prøve

    Trekkfrist
    01.02.2022
    • Eksamensdel: Oppgåve 2

    • Eksamensdel: Oppgåve 2

    • Eksamensdel: Fleirvalsprøve