Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Livshistorieforsking og kvalitative intervju med fokus på Pierre Bourdieu si metodologiske tilnærming

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Deltakarane får kunnskap og innsikt i korleis intervju som reiskap vert nytta av Pierre Bourdieu og hans medarbeidarar, korleis intervju vert anvendt i aktuell forsking, korleis livshistorier vert rekonstruerte ved hjelp av Bourdieu sine omgrep og teoriar, samt korleis andre forskarar i sine empiriske studiar gjer bruk av dette verkty.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Kjenne korleis Bourdieu sin teori, hans omgrep og hans tilnærming i intervjusituasjonen kan verte nytta som instrument i utforsking av sosiale praktikkar

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Gjere greie for korleis livshistoriske og kvalitative intervju i denne tradisjonen viser seg distinkt frå andre kvalitative forskingstradisjonar.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • Gjere greie for livshistoriske og kvalitative intervju som verktøy innanfor en praxeologisk tilnærming

Undervisningsperiode

Haust

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom Studentweb innan 1. september.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. september: http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. juni: http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Krav til forkunnskapar

Mastergrad eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Nysgjerrig haldning knytta til denne teoretiske tilnærminga til empiriske studiar.

Vurderingsform

Vurdering av munnlege presentasjonar og framlegg samt innlevering av skriftleg essay.

Arbeidet vert vurdert til bestått / ikkje bestått

Kven kan delta

Phd. - kandidatar, personar med hovudfag / mastergrad eller tilsvarande.

Fullført kurs med bestått avsluttande essay gjev 7 studiepoeng.

Alle må ha studierett ved UIB for å få registrert studiepoeng.

Mastergradsstudentar er velkomne til å delta på kurset, og deltaking vert registrert på masteremnet SYKVIT306. Det er ikkje krav om at masterstudentane som deltek skal skriva den avsluttande essayoppgåva.

Maks. deltakarar: 30

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Deltakarane skal individuelt eller i mindre grupper, skrive eigne tekstar der dei reflekterar kring eiga forståing av 3 utvalde tekstar (sjå program). Vidare skal deltakarane presentere sine tekstar gjennom munnlege framlegg i plenum.

Mellom 5. og 6. samling skriv deltakarane eit essay, individuelt eller i mindre grupper. Essayet skal presenterast på 6. samling som framlegg i ein pedagogisk form. Essayet skal så leverast inn for vurdering. Denne vurderinga vil saman med den munnlege presentasjonen danne grunnlaget for endeleg vurdering.

Evaluering:

Deltakarane sin evaluering av kurset ber form av

skiving og innlevering av ein tekst der fylgjande kjem fram:

  1. eigne refleksjonar over eiga læring
  2. kva denne læringa kan skapa av moglegheiter i eigne aktuelle/framtidige studiar

innspel på kva som kan bidra til å styrkje innhald og organisering av kurset

Program

Didaktiske vurderingar: Undervisninga vil vere ein kombinasjon av forelesingar og presentasjonar av aktuelt / pågåande arbeid frå forskarar og studentar.

Vidare vil pensumtekstar bli lest og dannar grunnlag for så vel skriftlege som munnlege arbeider, samt skriving og presentasjon av essays undervegs.

Forskarkursets sitt omfang / arbeidskrav gjev 7 studiepoeng og tilsvarar 9 vekers arbeid á 40 timar pr. veke, 200 tekstsider per veke i 7 kursveker, totalt 1403 tekstsider for heile kurset. I tillegg kjem skriving av essay 10-15 sider, rekna til 2 vekers arbeid.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg: Karin Anna Petersen
http://www.uib.no/personer/Karin.Anna.Petersen

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Haust