Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Livshistorieforsking og kvalitative intervju med fokus på Francine Muel-Dreyfus si metodologiske tilnærming

  • Studiepoeng7
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEDSYKVIT2
  • Ressursar

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

At deltakarane får kunnskap og innsikt i korleis intervju som reiskap nyttast av Pierre Bourdiue og hans arvtakar Francine Muel-Dreyfus i konkrete empiriske studie, og korleis omgrepa intervju, prosopography, nettverk, felt, kapital og habitus vert nytta i nyare og aktuell forsking.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • vise korleis Bourdieu, hans arvtakar Francine Muel-Dreyfus og nyare aktuell forsking nyttar deira teoriar, omgrep og tilnærming i intervjusituasjonen som instrument.  

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • gjere greie for korleis omgrepa frå Praktik-teori og Feltteori i denne tradisjonen viser seg distinkte frå andre forskingstradisjonar.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal kandidatane kunne:

  • gjere greie for livshistorie og kvalitativ intervju som verktøy innanfor ei nyare praxeologisk tilnærming som arbeider med feltomgrepet i semiprofesjonar

Undervisningsperiode

Vår.

Kurset vi likkje gå våren 2019

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom Studentweb innan 1. februar.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. februar: http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. desember: http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Vurderingsform

Innlevering og framlegg av skriftleg essay.

Bestått / ikkje bestått

Kven kan delta

ph.d.-kandidatar

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Deltakarane skal individuelt eller i mindre grupper skriva eigne tekstar der dei reflekterar kring eiga forståing av totalt 3 utvalte tekstar. Vidare skal deltakarane presentere sine tekstar gjennom munnlege framlegg i plenum.

Program

Didaktiske vurderingar: Undervisninga vil vere ein kombinasjon av forelesingar og presentasjonar av aktuelt / pågåande arbeid frå forskarar og studentar.

Vidare vil pensumtekstar bli lest og danna grunnlag for så vel skriftlege som munnlege arbeider, her under skriving og presentasjon av essays undervegs.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: studie@igs.uib.no

Emneansvarleg: Karin Anna Petersen
http://www.uib.no/personer/Karin.Anna.Petersen

Undervisningsperiode

Vår.

Kurset vi likkje gå våren 2019