Hjem
Studentsider
Masteremne

Innføring og praktisk gjennomføring av Teambasert Læring

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

2 studiepoeng

Dette omfatter gjennomgang av e-læringsdelen og lese tilrådd litteratur,

observasjon av TBL undervisning, planlegging og gjennomføring eigen undervisning, og

evaluering og skriving av sluttrapport

Studienivå (studiesyklus)

Kurset er eit vidare og etterutdanningskurs for ansatte ved UiB

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Ein kombinasjon av nettbasert kurs i Mitt UiB, og planlegging og gjennomføring av TBL-undervisning med kollegarettleiing.

Tilgang til nettbasert del: https://mitt.uib.no/enroll/7J9AGT

Mål og innhald

Det er ei målsetjing å auke bruken av Team Basert Læring (TBL) ved Det Medisinske Fakultetet. Det er derfor behov for å formidle ei god innføring og gje opplæring i bruken av TBL til undervisarar.

Dette er eit todelt kurs som består av ein e-læringsdel og ein praktisk del

E-læringsdelen inneheld

  • teoretisk informasjon om TBL
  • oppskrift på korleis TBL kan gjennomførast i praksis

Den praktiske delen inneheld

  • Observasjon av TBL undervisning som del av timeplanlagt undervisning etter nærare avtale med den som held denne undervisninga
  • Planlegge eigen TBL sesjon og få tilbakemelding på planen frå kollega
  • Gjennomføre TBL sesjonen som timeplanlagt undervisning på eit emne med observasjon frå ein kollega som har erfaring med TBL
  • Evaluering av gjennomføringa

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten har avansert kunnskap om team basert læring

Kandidaten kan analysere korleis teambasert læring bidreg til å auke studentenes kompetanse

Kandidaten kan sette team basert læring inn i ei historisk ramme.

Ferdighet

Kandidaten kan planlegge og gjennomføre team basert læring

Generell kompetanse

Kandidaten kan reflektere over si eiga rolle som fasilitator i gjennomføring av teambasert læring

Kandidaten kan identifisere kva for faglige utfordringar studentene har og kommunisere dette effektivt i ei TBL økt

Kandidaten kan motivere studentene til fagleg utvikling

Krav til forkunnskapar

Fullført grunnutdanning med mastergrad eller ei profesjonsutdanning

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

.

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset er ein kombinasjon av gjenomgang av e-læringsmateriale i Mitt UiB og faktisk planlegging og gjennomføring av Team basert læring i ein setting med eit emne innan eit av studieprogramma ved det medisinske fakultetet og ei nærare angitt studentgruppe. Kandidaten har sjølv ansvar for å observere ein kollega som har TBL undervsining, samt planleggje og gjennomføre TBL undervisning med kollegaveiledning frå ein kollega som har erfaring med TBL.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dokumentert gjennomføring av e-læringsdelen, observasjon av TBL undervisning og kollegarettleia planlegging og gjennomføring av eigen TBL økt.

Kandidaten kan arbeide sjølvstendig med elementa som inngår i mappa og melde seg opp i emnet når ein ser at ein er istand til å oppfylle arbeidskrava for innlevering innan hhv 1 november for haustsemesteret eller 1. mai for vår semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering: bestått - ikkje bestått

Mappa inneheld:

1.Godkjent e-læringsdel i Mitt UiB.

2. Godkjent observasjon av en eksisterende TBL økt.

3. Godkjent plan og gjennomføring av en TBL sesjon med kollegaveiledning

4. Godkjent sluttrapport. Kursdeltakaren oppsummerer og reflekterer over observasjon av TBL med kollega, tilbakemeldinger deltakaren sjølv fekk på si plan og gjennomføring. Rapporten konkluderar med ei eigenevaluering som skildrer planar for justeringar ein vil gjere på bakgrunn av tilbakemeldingane og eigen erfaring. Rapporten vert levert i e-læringsdelen i Mitt UiB.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Bestått - Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår og Haust

Frist for innlevering av mappa er 1 november i haustsemesteret og 1 mai i vårsemesteret.

Litteraturliste

All informasjon og litteratur er tilgjengeleg i e-læringsdelen "MEDTBL" i Mitt UiB

mellom anna

Dean Parmelee, Larry K. Michaelsen, Sandy Cook & Patricia D. Hudes (2012)Team-based learning: A practical guide: AMEE Guide No. 65, Medical Teacher, 34:5, e275-e287,DOI: 10.3109/0142159X.2012.651179

og

Ruth E. Levine ¿ Patricia D. Hudes: How-to Guide for Team-Based Learning, Springer Previously self-published by IAMSE; under ISBN 978-1-4675-6665-0. IAMSE ManualsISBN 978-3-030-62922-9 ISBN 978-3-030-62923-6 (eBook) https://doi.org/10.1007/978-3-030-62923-6

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Enhet for Læring, Det medisinske fakultet

Emneansvarleg

Harald Wiker, Ening for læring, Det medisinske fakultet

Administrativt ansvarleg

Enhet for læring, Det medisinske fakultet

Kontakt

Enhet for læring, Det medisinske fakultet.

Påmelding til studiepoenggivende kurs: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=13321733

Eksamensinformasjon