Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Midtveisevaluering ph.d. IBM

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Ved Institutt for biomedisin vert midtveisevalueringa organisert av instituttets PhD-utval. For kvar kandidat oppnemner utvalet ein komité med to medlemmer. Kandidaten og hans/hennar rettleiarar, som også må være til stede, får melding om datoen for sin midtveisevaluering og kven som er medlemmene av komiteen.Seinast 1 veke før fastsatt dato for midtveisevalueringa skal kandidaten gje ein kort skriftleg rapport (minimum 2 sider) om prosjektets status og framdrift ut ifrå
- Vitskapleg aktivitet og resultat
- Publikasjonar
- Opplæringsdelen
- Plan for fullføring og estimert innleveringstidspunkt
- Eventuelle problem eller andre kommentarar

Evalueringa starter med at kandidaten gjer ein offentleg presentasjon på minimum 15 minutt, med 10 min til spørsmål og diskusjon i etterkant. Både presentasjon og diskusjon skal haldast på engelsk. Etter presentasjonen trekk kandidaten, rettleiarar og komitéen seg attende for en diskusjon. Basert på rapporten, presentasjonen og diskusjonen utarbeidar komiteen ein rapport til PhD-utvalet, og følgjer opp kandidat og rettleiarane tilsvarande. Det vert nytta eit eige vurderingsskjema der komiteen legg vekt på fleire kriterier for si samla vurdering av korleis kandidaten ligg an i høve til å fullføre:
- Progresjon, publikasjonar og opplæringsdel
- Vitskapleg aktivitet, resultat
- Plan for gjennomføring

Ein kandidatar som ikkje ligg godt an på eitt eller fleire område, vil verte følgt opp individuelt.

Læringsutbyte

I vitskapen er det vitalt at ein kandidat kan presentere sitt eige prosjekt på ein overtyande måte.

Sidan evalueringa har struktur som ein vitskapleg revisjon, vil tilbakemelding frå komiteen gje kandidaten ny kunnskap knyta til:
1. Kvaliteten på presentasjonen.
2. Korleis handtere kritikk relatert til prosjektet.
3. Status for prosjektet i høve til prosjektplanen.

Dette vil til saman gje kandidaten meir innsikt i hans/hennar eige prosjekt.

Undervisningsperiode

Vår (april) / Haust (oktober)

Kandidatar med normal progresjon vil normalt fullføre midtveisevalueringa innen 2/3 av ph.d.-perioden, og seinast i sitt tredje siste semester av forskarutdanningsperioden.

Studiepoeng

1

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom StudentWeb (http://studentweb.uib.no) innan 1.februar / 1.september

Inngår i opplæringsdel

Obligatorisk for alle kandidatar i forskarutdanninga som får si hovudrettleiing ved Institutt for biomedisin.

Vurderingsform

Rapport skal være levert, og presentasjon og diskusjon gjennomført, med tilfredsstillande kvalitet. Karakterskala: Bestått / Ikkje bestått

Fagleg overlapp

Det er fullt overlapp med dei andre kodane for midveisevaluering ved Det medisinske fakultet; MEGAD900, MEIFI900, MEIKF900, MEIKM900, MEIKO900, MEISF900 og MESIH900.Ein kandidat kan berre ha ein kode for midtveisevaluering i sin opplæringsdel, og gjennomfører evalueringa normalt ved det instituttet der han/ho får sin hovudrettleiing.

Kven kan delta

Obligatorisk for alle PhD-kandidatar som er tatt opp ved doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultet og som får si rettleiing ved Institutt for biomedisin.

Utfyllande informasjon

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Institutt for biomedisin via phd@biomed.uib.no

Retningslinjer: http://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/retningslinjer_for_midtveisevaluering_ved_mof_vedtatt_05.0

Fagleg ansvar

Leiar av Institutt for biomedisin, Mathias Ziegler https://www.uib.no/persons/Mathias.Ziegler

Undervisningsstad

Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Vår (april) / Haust (oktober)

Kandidatar med normal progresjon vil normalt fullføre midtveisevalueringa innen 2/3 av ph.d.-perioden, og seinast i sitt tredje siste semester av forskarutdanningsperioden.