Midtveisevaluering ph.d. IBM

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Ved Institutt for biomedisin vert midtveisevalueringa organisert av instituttets PhD-utval. For kvar kandidat oppnemner utvalet ein komité med to medlemmer. Kandidaten og hans/hennar rettleiarar, som også må være til stede, får melding om datoen for sin midtveisevaluering og kven som er medlemmene av komiteen.Seinast 1 veke før fastsatt dato for midtveisevalueringa skal kandidaten gje ein kort skriftleg rapport (minimum 2 sider) om prosjektets status og framdrift ut ifrå
- Vitskapleg aktivitet og resultat
- Publikasjonar
- Opplæringsdelen
- Plan for fullføring og estimert innleveringstidspunkt
- Eventuelle problem eller andre kommentarar

Evalueringa starter med at kandidaten gjer ein offentleg presentasjon på minimum 15 minutt, med 10 min til spørsmål og diskusjon i etterkant. Både presentasjon og diskusjon skal haldast på engelsk. Etter presentasjonen trekk kandidaten, rettleiarar og komitéen seg attende for en diskusjon. Basert på rapporten, presentasjonen og diskusjonen utarbeidar komiteen ein rapport til PhD-utvalet, og følgjer opp kandidat og rettleiarane tilsvarande. Det vert nytta eit eige vurderingsskjema der komiteen legg vekt på fleire kriterier for si samla vurdering av korleis kandidaten ligg an i høve til å fullføre:
- Progresjon, publikasjonar og opplæringsdel
- Vitskapleg aktivitet, resultat
- Plan for gjennomføring

Ein kandidatar som ikkje ligg godt an på eitt eller fleire område, vil verte følgt opp individuelt.

Læringsutbyte

I vitskapen er det vitalt at ein kandidat kan presentere sitt eige prosjekt på ein overtyande måte.

Sidan evalueringa har struktur som ein vitskapleg revisjon, vil tilbakemelding frå komiteen gje kandidaten ny kunnskap knyta til:
1. Kvaliteten på presentasjonen.
2. Korleis handtere kritikk relatert til prosjektet.
3. Status for prosjektet i høve til prosjektplanen.

Dette vil til saman gje kandidaten meir innsikt i hans/hennar eige prosjekt.

Undervisingsperiode

Vår (april) / Haust (oktober)

Kandidatar med normal progresjon vil normalt fullføre midtveisevalueringa innen 2/3 av ph.d.-perioden, og seinast i sitt tredje siste semester av forskarutdanningsperioden.

Studiepoeng

1

Undervisingsstad

Institutt for biomedisin, Det medisinske fakultet
Undervisingsspråk
Engelsk
Påmelding og -fristar
Påmelding gjennom StudentWeb (studentweb.uib.no) innan 1.februar / 1.september
Inngår i opplæringsdel
Obligatorisk for alle kandidatar i forskarutdanninga som får si hovudrettleiing ved Institutt for biomedisin.
Vurderingsform
Rapport skal være levert, og presentasjon og diskusjon gjennomført, med tilfredsstillande kvalitet. Karakterskala: Bestått / Ikkje bestått
Fagleg overlapp

Det er fullt overlapp med dei andre kodane for midveisevaluering ved Det medisinske fakultet; MEGAD900, MEIFI900, MEIKF900, MEIKM900, MEIKO900, MEISF900 og MESIH900. Ein kandidat kan berre ha ein kode for midtveisevaluering i sin opplæringsdel, og gjennomfører evalueringa normalt ved det instituttet der han/ho får sin hovudrettleiing.

Kven kan delta
Obligatorisk for alle PhD-kandidatar som er tatt opp ved doktorgradsprogrammet ved Det medisinske fakultet og som får si rettleiing ved Institutt for biomedisin.
Fagleg ansvar
Leiar av Ph.d.-utvalet ved Institutt for biomedisin, Helge Wiig www.uib.no/personer/Helge.Wiig