Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Examen facultatum - Medieproduksjon og akademisk skriving

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i teoriar og metodar som søkjer å forstå medieproduksjon og -praksis, og gir ei opplæring i akademisk skriving med fokus på å setje medieproduksjon inn i ein akademisk samanheng. Emnet gir ei forståing av korleis teori og praksis heng saman. Studentane får undervisning i akademiske tenkemåtar, metodar og ressursar. Dei lærer å finne fram til og å bruke relevante akademiske kjelder. Dei lærer om referanseteknikk og god sitatskikk, samt kva som kjenneteiknar akademisk skriving. Studentane lærer òg konvensjonane for ulike akademiske sjangrar, slik at dei seinare i studieløpet veit kva ei akademisk oppgåve og ein produksjonsrapport skal innehalde, og kvifor.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • kan finne fram til og bruke relevante akademiske kjelder i oppgåver som analyserer og reflekterer kring medieproduksjon og -praksis.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan skrive akademiske oppgåver som analyserer og reflekterer kring medieproduksjon og -praksis frå ein akademisk ståstad

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff innan medieproduksjon, slik som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagområdet medieproduksjon
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan medieproduksjon

Studiepoengsreduksjon

Studentar som tidlegare har fullført MIX101 men ikkje MEPRO100, oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.

Krav til studierett

Reservert studentar ved bachelorprogramma i journalistikk og tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og workshops

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i workshoppane er obligatorisk (minimum 80%).

I workshoppane må studentane skrive ei øvingsoppgåve. Dei må òg opponere på ei øvingsoppgåve skrive av ein medstudent.

Vurderingsformen i MEPRO100 er ei skriftleg oppgåve. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast av oppgåva for rettleiing.

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Vurderinga av studenten er basert på følgjande:

Ei skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord om eit gitt tema innan medieproduksjon, til dømes knytt til journalistikk eller tv-produksjon.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent-praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredjeår, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    14.11.2019, 14:00
    Trekkfrist
    31.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen