Samfunnsvitskapleg metode
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeMET102
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust og vår
Mål og innhald
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.
Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudiar, komparativ metode, regresjonsanalyse og innhaldsanalyse, gjennomgått.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for etiske problemstillingar i samfunnsvitskapeleg forsking
- definere grunnleggjande omgrep i samfunnsvitskapeleg metode
- gjere greie for ulike typar kjelder og data
- gjere greie for eksperimentelle metodar, komparativ metode og case-studiar
Ferdigheiter
Studenten kan
- innarbeide etiske problemstillingar i eigne arbeid innanfor samfunnsvitskaplege disiplinar
- organisere og presentere ulike datatypar for analysar
- diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar
- gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse
- skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar
Generell kompetanse
Studenten kan
- evaluere og kritisere samfunnsvitskapelege analysar
- skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
Studiepoengsreduksjon
ECON240 3sp
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar, kollokviegrupper og laboratoriearbeid i PC-stover.
Talet på førelesingstimar: rundt 36
Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.
Vurderingsformer
Seks timers skriftleg eksamen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Ordinær eksamen vert berre tilbydd vår og haust. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med <a href="www.uib.no/student/116194/syk-på-eksamen">rett til ny vurdering</a>
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 23.11.2022, 09:00
- Varigheit
- 6 timer
- Trekkfrist
- 09.11.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)
- Oppgave utleveres
- 20.09.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 20.09.2022, 17:00
- Trekkfrist
- 06.09.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen