Vitenskapeleg metode og delinga av erfaring

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Undervisninga er organisert omkring 3 samlingar á to dagar. I desse samlingane møter studenten førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. I seminarundervisninga blir det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som til dømes diskusjonsgrupper og gruppeoppgåver. Utanom samlingane får studenten obligatoriske innleveringsoppgåver. Kvar student får tilbod om 3 timar individuell rettleiing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten

  • har god kunnskap om ulike vitskapsteoretiske paradigme og forklaringsmodellar
  • har djup kunnskap om kvalitative og kvantitative metodetradisjonar, og deira ulike krav til kva som er gyldig kunnskap
  • har grundig kunnskap om forskingsetiske problemstillingar ved praksisorientert forsking
  • har inngåande kunnskap om ulike metodar for datainnsamling og analyse innan praksisorientert forsking

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og sette opp eit forskingsdesign innafor anten ei kvantitativ eller kvalitativ metodetradisjon
  • kan diskutere og gjere greie for den teoretiske forankringa til den metodetilnærminga dei vel å fordjupe seg i
  • kan orientere seg i høve til forskingsetiske retningsliner og prosedyrar

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan kritisk vurdere og diskutere forskingsresultat opp i mot forskingsdesign
  • kan diskutere og vurdere forskinga si verdi i utdanningssystemet

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha bestått minimum 30 studiepoeng før ein byrjar på emnet
Krav til studierett
Må vere tatt opp på masterprogrammet Master i erfaringsbasert undervising
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesninger, seminarer og nettbasert undervisning.

Det er tre samlinger med varighet på to dager hver som omfatter forelesninger og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • 2 skriftlege oppgåver.
  • Førebuing til og deltaking på samlingane.
Vurderingsformer
Skriftleg heimeeksamen 8 timer
Karakterskala
Ved sensur av emnet benyttes karakterskalaen A-F
Litteraturliste

Pensum på ca. 1000 sider. I tillegg er det forventa at studentane gjør seg kjent med ulike søkeportalar for sjølv å kunne finne fram til relevant støttelitteratur på internett.

Det er forventa at studentane gjør seg kjent med kvantitative og kvalitative analyseverktøy.

Emneevaluering
Studentene skal evaluere undervisningen i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem ved hjelp av elektronisk spørreskjema og referansegruppe