Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Medier: Institusjonar og bransjeforståing

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mediebransjen gjennomgår store endringar, og norske medier blir utfordra av internasjonale aktørar. Auka konkurranse, sviktande inntekter og endra medievanar hjå publikum har gjort at mange mediebedrifter har problem med å orientera seg i det nye digitale medielandskapet. I dette emnet analyserer vi denne situasjonen med utgangspunkt i kunnskap om mediene si historie, organisering og struktur. Emnet gjev ein introduksjon til den norske mediebransjen, med vekt på økonomiske og mediepolitiske rammevilkår. Sentrale tema er mediene som samfunnsinstitusjonar, deira samfunnsrolle og demokratiske funksjon, samt mediepolitikk, medieøkonomi og digital utvikling. Det vert gitt ein introduksjon til den norske mediebransjen, og i tilknyting til dette vert ei rekke mediepolitiske og medieøkonomiske spørsmål handsama. Målet med emnet er å gi ei innføring i rollen mediene spelar i samfunnet, samt forståing av kvifor det norske medielandskapet står fram slik det gjer i dag.  

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om institusjonsteori retta mot medieinstitusjonar
  • har grunnleggjande kunnskap om den norske mediebransjen, og om historia bak organiseringa av ulike medier
  • har grunnleggjande kunnskap om forholdet mellom medier og makt
  • har grunnleggjande kjennskap til sentrale mediepolitiske- og medieøkonomiske spørsmål

Ferdigheiter 

Kandidaten

  • kan nytte institusjonsteori til å gjere greie for grunntrekka ved meida si historie og struktur
  • kan gjere greie for grunntrekka ved media som maktutøvarar, nasjonalt og internasjonalt.
  • kan gjere greie for dei sentrale rammevilkåra for norske medier

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruka sentrale teoretiske perspektiv i analyse av medieinstitusjonar sin framvekst, historie og struktur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.

Studiepoengsreduksjon

Overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og oppgåveseminar over 10 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent skriftleg arbeid på 5-8 sider. Godkjent munnleg presentasjon av det skriftlege arbeidet i oppgåveseminaret. Instituttet kunngjer fristen for innlevering av arbeidet ved starten av semesteret.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

6 timers skuleeksamen

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3.år, av faglærar kvart år.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    27.02.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    13.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted