Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Mediebruk: Teori og metode

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Bruk av forskjellige medier til informasjon, kommunikasjon og underhaldning er ein del av kvardagslivet for dei fleste menneske. Dette emnet tar opp forholdet mellom mediene og brukarane, og går inn på kva mediebruk betyr for politisk meiningsdanning og for folk sitt dagligliv. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene, kva dei får ut av den bruken, og korleis menneske kan bli påverka av medier. Dette vert knytt opp mot undersøkingar frå historisk og samtidig mediebruks- og publikumsforsking. Emnet gjer kritiske perspektiv på debattar om medievald, medienes rolle i politisk meiningsdanning, og barn og unge sin mediebruk.

Emnet gir innføring i sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta på dette feltet. Undervisning i metode legg vekt på praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av - teoriar og metodar for analyse av mediebruk og media sitt publikum.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og forskingstradisjonar i mediebruksforskinga
  • har grunnleggjande kunnskap om mediebruk, mediepåverknad og forholdet mellom publikum og medieinnhald
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta i mediebruksforskinga

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge og utføre ei avgrensa datainnsamling om mediebruk ved å nytte kvalitative metodar
  • kan analysere ei avgrensa problemstilling om mediebruk ved å nytte enkle kvantitative analysemetodar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan nytte teori og metode i diskusjon av problemstillingar og tema knytt til mediebruk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar og praktisk metodeopplæring som til dømes lab. Seminaret er retta inn mot løysing av øvingsoppgåver med utgangspunkt i pensum.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • To metodeoppgåver knytt til undervisning i kvalitativ og kvantitativ metode. Oppmøte på praktisk metodeopplæring og levering av oppgåvene er obligatorisk. Kvalitative metodeoppgåver med omfang ca. 3500 ord vert normalt skrivne i grupper. Kvantitative metodeoppgåver kan ta form av fleire innleveringer knytt til arbeid i lab.
  • Oppmøte på seminar og levering av øvingsoppgåver i tilknyting til seminar er også obligatorisk.

Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Seks timars skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    29.05.2018, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    15.05.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted