Mediebruk: Teori og metode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Bruk av forskjellige medier til informasjon, kommunikasjon og underhaldning er ein del av kvardagslivet for dei fleste menneske. Dette emnet tar opp forholdet mellom mediene og brukarane, og går inn på kva mediebruk betyr for politisk og kulturell meiningsdanning og for folk sitt dagligliv. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene, kva dei får ut av den bruken, og korleis menneske kan bli påverka av medier. Dette vert knytt opp mot undersøkingar frå historisk og samtidig mediebruks- og publikumsforsking. Emnet gjer kritiske perspektiv på debattar om mediepåverknad, medienes rolle i politisk og kulturell meiningsdanning, og ulike sosiale grupper sin mediebruk.

Emnet gir innføring i sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta på dette feltet. Undervisning i metode legg vekt på praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av - teoriar og metodar for analyse av mediebruk og media sitt publikum.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og forskingstradisjonar i mediebruksforskinga
  • har grunnleggjande kunnskap om mediebruk, mediepåverknad og forholdet mellom publikum og medieinnhald
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta i mediebruksforskinga

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge og utføre ei avgrensa datainnsamling om mediebruk ved å nytte kvalitative metodar
  • kan analysere ei avgrensa problemstilling om mediebruk ved å nytte enkle kvantitative analysemetodar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan nytte teori og metode i diskusjon av problemstillingar og tema knytt til mediebruk

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar og praktisk metodeopplæring som til dømes lab. Seminaret er retta inn mot løysing av øvingsoppgåver med utgangspunkt i pensum.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

To mindre praktiske oppgåver og ei litt meir omfattande metodeoppgåve knytt til undervisning i kvalitativ og kvantitativ metode. Oppmøte på praktisk metodeopplæring er obligatorisk, og oppgåvene må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Dei to praktiske oppgåvene er knytt til små metodeøvingar. Desse kan avhengig av faglærar være individuelle eller gruppebaserte, kvantitative, kvalitative, eller beggje deler. Ei kvantitativ oppgåve kan td. vere innlevering av øvingsoppgåver i lab, og ei kvalitativ oppgåve eit refleksjonsnotat etter eit gjennomførd forskingsintervju.

Metodeoppgåva er normalt gruppearbeid, med omfang på ca. 3500 ord. Nærare retningslinjer for denne vert gjeve av faglærar.

Oppmøte på seminar (80%) og levering av øvingsoppgåver i tilknyting til seminar er også obligatorisk.

Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Seks timars skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen

I dette emnet tilbys ordinær eksamen for studenter med godkjent obligatorisk aktivitet, i begge semestre.

Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Førehandsgodkjend ordliste er tillate på eksamen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.