Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Medieretorikk - bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMEVI203B
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Anna kvar haust

Mål og innhald

Formålet med emnet er å gje studentane historisk og teoretisk innsikt i tilhøvet mellom retorikk, sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar og å gjere studentane i stand til å analysera døme på retorikk med tanke på korleis sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på og samverkar med retorikken sitt innhald, form og funksjon.

MEVI203 handlar om korleis menneske nyttar media og kommunikasjonsteknologiar i deira retorikk, og korleis media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på menneska sin retorikk. Vi undersøkjer korleis medieteknologiar har innverknad på uttrykk og innhald i kommunikasjonen, og ser på kva konsekvensar det har for vår måte å tenkje, kommunisere og handla retorisk. I utforskinga av tilhøvet mellom sjanger, medium, teknologi og retorikk vil MEVI203 kvart semester fordjupe seg i eitt eller fleire emne. Emna varierer frå år til år. Det kan for eksempel vera reklame, dokumentarfilm, politisk retorikk, pressefoto, internett, spel, underhaldning eller fjernsynsdebatt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidaten

  • kan nemna sentrale hendingar, personer og utviklingstrekk i samanheng med medieretorikken si historie.
  • kan gje historiske og teoretiske framstillingar av tilhøvet mellom retorikk, sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar.

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan analysera døme på mediert retorikk med tanke på korleis sjangrar, media og kommunikasjonsteknologiar har innverknad på og samverkar med retorikken sitt innhald, form og funksjon.
  • kan vurdera og normativt evaluera (for eksempel etisk, effektivt, pedagogisk eller pragmatisk) om konkrete retoriske ytringar er passande for visse media og kommunikasjonsteknologiar.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan anvende sine ferdigheiter og kompetanse til å forstå retoriske og strategiske genre og ytringar i mediesamfunnet
  • kan setja retorisk bruk av medier inn i ein større historisk, sosial, kulturell og teknologisk samanheng

Tilrådde forkunnskapar

Bygger på MEVI104. Studentar som ikkje har MEVI104 blir tilrådd å sette seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar før semesterstart.

Studiepoengsreduksjon

Full sperre mot RET203 og MEVI203

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning skjer fortrinnsvis i form av førelesningar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend(e) seminaroppgåver og -deltaking (80%). Godkjend pensumtest.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve, med eit omfang på omkring 8000 ord, under rettleiing.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.