Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Medieinstitusjonar: Marknad og demokrati

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Tradisjonelle medier og etablerte medieinstitusjonar vert i dag utfordra av nye aktørar, nye tenester og nye tilbod. Internettet tilbyr det meste, med ei sterk individualisering av medie- og kulturvanar som resultat. Redaksjonsstyrte massemedier som vender seg mot eit breitt publikum med saker som vedgår nasjonale og internasjonale fellesinteresser, er pressa av globale nettverk som Facebook og Google, som er i ferd med å overta mykje av nyhetsdistribusjonen og det meste av inntektene frå digital annonsering.

I dette fordjupingsemnet tar vi for oss desse radikale endringane, og drøftar kva konsekvensar dei kan ha - konkret for mediebedrifter og -bransje, for mediepolitikk og mediepolitiske tiltak som idéelt skal sikra mangfald og gode vilkår for "en opplyst offentlig samtale", og i siste instans - for mediene si rolle og funksjon i demokratiske samfunn. Målet med emnet er å styrka studentane sin teoretiske, metodiske og empiriske kunnskap om tradisjonelle og nyare medieinstitusjonar og -aktørar, og deira sentrale rolle som forum for ein fungerande offentlegheit i moderne, liberale demokrati. Kartlegging av pågåande strukturendringar blir gjort gjennom førelesingar, seminar og litteraturstudier, men òg gjennom møte med bransjerepresentantar, profesjonsutøvarar og mediepolitikarar. Emnet tematiserer og analyserer den aktuelle mediesituasjonen, og gjev eit kunnskapsgrunnlag for at studentane kan gå inn i ulike yrkesroller i det nye medielandskapet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har oppdatert kunnskap om det norske mediesystemet og norsk mediepolitikk
  • har kunnskap om medieinstitusjonar si rolle i demokratiske samfunn
  • kjenner til korleis digitalisering, nettverkstenester og sosiale medier utfordrar tradisjonelle medier

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektera over endringar på mediefeltet, og korleis politiske, sosiale, kulturelle og økonomiske forhold påverkar utviklinga
  • kan diskutera og analysera sentrale trekk ved medieutviklinga og problemstillingar mediebedrifter og -institusjonar står overfor i dag

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka historisk innsikt, teoretiske og analytiske perspektiv for å forstå samfunnsendringar og korleis desse påverkar medienes funksjon og rolle i moderne samfunn
  • har analytisk kompetanse i høve til problemstillingar mediebransjen står overfor som følgje av digitalisering, internasjonal konkurranse og meir individualisert mediebruk

Krav til forkunnskapar

Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og fremst MEVI101

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, ca. 16-20 timar, og seminar med gruppearbeid, ca. 16 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend seminaroppgåve og -deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar. Oppgåva skal vera på 4500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

MEVI221B (15 sp)

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    23.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    27.09.2019, 10:00
    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen