Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Medieinstitusjonar: Marknad og demokrati - bacheloroppgåve

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEVI221B
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Tradisjonelle medier og etablerte medieinstitusjonar vert i dag utfordra av nye aktørar, nye tenester og nye tilbod. Internettet tilbyr det meste, med ei sterk individualisering av medie- og kulturvanar som resultat. Redaksjonsstyrte massemedier som vender seg mot eit breitt publikum med saker som vedgår nasjonale og internasjonale fellesinteresser, er pressa av globale nettverk som Facebook og Google, som er i ferd med å overta mykje av nyhetsdistribusjonen og det meste av inntektene frå digital annonsering.

I dette fordjupingsemnet tar vi for oss desse radikale endringane, og drøftar kva konsekvensar dei kan ha - konkret for mediebedrifter og -bransje, for mediepolitikk og mediepolitiske tiltak som idéelt skal sikra mangfald og gode vilkår for "en opplyst offentlig samtale", og i siste instans - for mediene si rolle og funksjon i demokratiske samfunn. Målet med emnet er å styrka studentane sin teoretiske, metodiske og empiriske kunnskap om tradisjonelle og nyare medieinstitusjonar og -aktørar, og deira sentrale rolle som forum for ein fungerande offentlegheit i moderne, liberale demokrati. Kartlegging av pågåande strukturendringar blir gjort gjennom førelesingar, seminar og litteraturstudier, men òg gjennom møte med bransjerepresentantar, profesjonsutøvarar og mediepolitikarar. Emnet tematiserer og analyserer den aktuelle mediesituasjonen, og gjev eit kunnskapsgrunnlag for at studentane kan gå inn i ulike yrkesroller i det nye medielandskapet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har oppdatert kunnskap om det norske mediesystemet og norsk mediepolitikk
  • har kunnskap om medieinstitusjonar si rolle i demokratiske samfunn
  • kjenner til korleis digitalisering, nettverkstenester og sosiale medier utfordrar tradisjonelle medier

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektera over endringar på mediefeltet, og korleis politiske, sosiale, kulturelle og økonomiske forhold påverkar utviklinga
  • kan diskutera og analysera sentrale trekk ved medieutviklinga og problemstillingar mediebedrifter og ¿institusjonar står overfor i dag

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka historisk innsikt, teoretiske og analytiske perspektiv for å forstå samfunnsendringar og korleis desse påverkar medienes funksjon og rolle i moderne samfunn
  • har analytisk kompetanse i høve til problemstillingar mediebransjen står overfor som følgje av digitalisering, internasjonal konkurranse og meir individualisert mediebruk
  • kan utforma og drøfta ei fagleg problemstilling på sjølvstendig grunnlag, og under rettleiing samla inn relevant informasjon og strukturera eigen tekst og framføra eigne argument

Krav til forkunnskapar

Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og fremst MEVI101

Studiepoengsreduksjon

MEVI221 (15 sp)

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, ca. 16-20 timar, og seminar, ca. 16 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend seminaroppgåve og -deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve, med eit omfang på omkring 8000 ord, under rettleiing.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no