Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Mediebruk: Identitet og samfunn - bacheloroppgåve

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitesskapande prosessar. Mediebruk er individualisert og prega av forskjellar, men er og med på å knytte menneske saman i kulturelle, sosiale og politiske fellesskap. Emnet tar særskilt for seg endringar i bruken knytt til sosiale, nettbaserte og digitale media, og gir studentane innsikt i lokale så vel som globale kontekstar for mediebruk. Emnet gir kritiske perspektiv på mediebruk sett i høve til tema som kjønn, klasse, etnisitet og digitale skiljeliner. Det vert gitt ei fordjuping i sentrale metodiske tilnærmingar, men òg ei innføring i metodar som er særskilt relevante for å studera nye former for mediebruk. Gjennom arbeidet legg ein vekt på metodisk refleksjon og på samanhengane mellom kvantitative og kvalitative tilnærmingar, samt tilhøvet mellom teori og metode. Emnet vektlegg studentaktiv læring og nyttar undervisningsformer som oppmodar til aktiv deltaking i fagleg diskusjon. Metodeopplæringa tar form av eit praktisk forskingsarbeid der studentane prøver ut ulike tilnærmingar for å forstå ei aktuell problemstilling, og legg fram resultat frå arbeidet i ein munnleg presentasjon for interesserte forskarar. Bacheloroppgåver i emnet vil normalt ta form av ei avgrensa empirisk mediebruksstudie der kandidaten analyserer eit materiale ho eller han sjølv har samla inn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitetsskapande prosesser
  • har kunnskap om bruk av sosiale, digitale og nettbaserte medier
  • har innsikt i utvalde medievitskaplege og sosiologiske teoriar om mediebruk, identitet, samfunn og skiljelinjer

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera mediebruk ved hjelp av metodar som er sentrale i forskinga
  • kan reflektera over forskjellar i mediebruk knytt til samfunnsmessige skiljeliner
  • kan reflektera over endringar i mediebruk knytt til digitalisering

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikla relevante problemstillingar, forskingsdesign og analysar for avgrensa prosjekt
  • kan arbeide i grupper med avgrensa prosjekt
  • kan ta del i faglege diskusjonar gjennom munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MEVI102

Studiepoengsreduksjon

MEVI222 (15 sp)

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar. Praktisk forskingsarbeid knytt til seminarløpet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend seminaroppgåve og -deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve, med eit omfang på omkring 8000 ord, under rettleiing.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    29.11.2019, 10:00
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen