Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Visuelle media

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin kunnskap om estetikken i visuelle tekstar, og å utvikla evna til å nytta sentrale teoriar og analytiske perspektiv på tekstar som for eksempel klassisk og nyare Hollywoodfilm, europeisk film, alternativ eller ikkje-vestlig film, kunst- og dokumentarfilm, kontemporære tv-seriar, og dataspel. Det blir og lagt vekt på å knyta estetikken i tekstane til dei institusjonelle, teknologiske og produksjonsmessige rammevilkåra, og å sette tekstane inn i ein kulturhistorisk samanheng.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om visuelle tekstar si historie og estetikk
  • har kunnskap om utvalde visuelle medium og sjangrar, slik som til dømes dokumentarfilm, TV-seriar eller dataspel

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjera kritisk vurdering av fagstoff og kjelder for å belysa medie-estetiske problemstillingar
  • kan reflektera over samanhengen mellom visuelle tekstar sin estetikk og deira institusjonelle, teknologiske og produksjonsmessige rammevilkår
  • kan ta del i faglege diskusjonar gjennom munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan ta i bruk sentral teoretisk kunnskap i analyse av visuelle tekstar, og framstilla dette i eit sjølvstendig skriftleg arbeid
  • kan bruka bibliotek, databasar og andre informasjonskjelder for å finna relevant informasjon i tilknyting til eit prosjekt og for å halda seg fagleg oppdatert

Krav til forkunnskapar

Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101 - MEVI104, fyrst og framst MEVI103

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, ca. 16-20 timar, og seminar, ca. 16 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend seminaroppgåve og -deltaking. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar. Oppgåva skal vera på 4500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    04.10.2019, 10:00
    Trekkfrist
    16.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen