Medieteknologi og samfunn
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMEVI224
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med kurset er å tilby ein teoretisk spesialisering i tilhøve til medier, kommunikasjonsteknologiar, kultur og samfunn. Kurset handlar mindre om medieinnhald, men om deira form og mening i seg sjølv, og korleis dette kan sjåast frå ulike medievitskaplege tradisjonar. Målet er å skape teoretisk og praktisk forståing av korleis sosiale og kulturelle samanhenger påverkar medier si form og utvekling, og korleis medie- og kommunikasjonsteknologier i seg sjølv påverkar kulturelle og sosiale formar.
Organiseringa av kurset er to-delt: 1) Ei forelesningsrekkje tek for seg sentrale teoriar og perspektiv på den historiske og samtidige utviklinga av medieteknologier i deira sosiale og kulturelle kontekst. 2) Arbeidsverkstader der vi tek sikte på å knytte teoretiske innsiktar til fenomener frå vår samtidige mediekultur, gjennom praksis-baserte oppgåver.
Kvart semester er det ulike fenomen ved vår samtidige mediekultur som står i sentrum. Hausten 2021 vil det være hovudfokus på kjønn og digital kultur.
Læringsutbyte
For å fullføre kurset må studenten ha oppnådd følgjande læringsutbyte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Har kunnskap om tilhøvet mellom medier, kommunikasjonsteknologiar, kultur og samfunn.
- Har kunnskap om sentral medie- og kommunikasjonsteori knytta til tilhøvet teknologi, kultur og samfunn.
Studenten
- kan drøfte tilhøvet mellom medieteknologi og samfunn i eit historisk perspektiv.
- kan gjere greie for sentrale teoriar og perspektiv vedrørande utviklinga av moderne medier og korleis nye teknologiar skapar nye former for interaksjon og kommunikasjon.
- kan analysera medieteknologiars relevans for utviklinga av moderne samfunns- og kulturformar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke sentrale teoretiske perspektiv for å forklare og forstå medie- og samfunnsutviklinga, og kan presentera desse i skriftleg form.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
- INFOMEVI201 (15 sp)
- MEVI224B (15 sp)
Krav til studierett
Kurset er ope for studenter ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar, ca. 16 timer, og arbeidsverkstader, ca. 18 timer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende arbeidskrav i forkant av arbeidsverksad tilsvarende ca. 3-5 skriftlege innleveringar. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4-dagars heimeeksamen, ca. 4500 ord.
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 07.03.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 11.03.2022, 10:00
- Trekkfrist
- 21.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen