Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Manusutvikling og spesialisering

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMEVI254
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

I dette emnet får alle studentane opplæring og rettleiing i manusutvikling. Kvar student spesialiserer seg dessutan i ein fagfunksjon (regi, foto, lyd, klipp eller produsent). I grupper skal dei produsera ein kortfilm (fiksjon eller dokumentar). Emnet skal gi studentane analytisk kunnskap om dramaturgiske konvensjonar og verkemiddel, og dei skal læra å nytta det dei har lært i arbeidet med eige manus. Emnet skal gi innsikt i produksjonsprosessen for kortfilm, og utvikla studentane sine praktiske ferdigheiter innanfor deira fagfunksjon.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

  • gjere greie for faglege problemstillingar, kreative prosessar og tekstlege konvensjonar knytt til manusskriving for fiksjon og dokumentar.
  • gjere greie for viktige bidrag innan fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt, og om korleis det har utvikla seg historisk
  • skrive eige kortfilmmanus, og gi faglege vurderingar av andre sine manus
  • meistre relevante arbeidsoppgåver innanfor ein fagfunksjon i ein kortfilmproduksjon (regi, foto, produksjon, lyd, klipp)
  • planlegge og gjennomføre eit kortfilmprosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MEVI106/INFOMEVI106 og MEVI153

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i film & tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, workshops og rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Skriving av manus under rettleiing.
  • Deltaking på workshops innan fagspesialisering (regi, foto, lys, klipp eller produsent).
  • Deltaking på produksjon av kortfilm.

Vurderingsformer

Studentane blir evaluerte på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervisning/øvingar samt på grunnlag av innsatsen på kortfilmen.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

15 sp overlapp med MEVI253

15 sp overlapp med MEVI167

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no