Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i journalistikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Ujamnt

Mål og innhald

Kurset gir studentane analytiske evner og trening i arbeid med journalistfaglege problemstillingar. Emnet omfattar anten eit teoretisk-analytisk arbeid eller ein medieproduksjon. Ein eventuell audiovisuell produksjon kan gjennomførast i samarbeid med studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier.

Læringsutbyte

Etter avslutta emne kan kandidaten

  • avgrensa ein tematikk for fagleg utgreiing
  • gjennomføra eit teoretisk-analytisk arbeid eller ein medieproduksjon
  • strukturera og logisk presentera eit teoretisk-analytisk arbeid eller ein rapport basert på medieproduksjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

MEVI265 (15 sp)

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i journalistikk (BASV-JOURN).

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing under produksjonsperiode

Vurderingsformer

Evalueringsgrunnlaget er anten ei teoretisk-analytisk bacheloroppgåve med utgangspunkt i ei journalistfagleg problemstilling, eller eit større journalistisk arbeid, produsert for skriftmedier eller audiovisuelle medier, saman med ein produksjonsrapport. Produksjonsarbeidet kan gjerast i samarbeid med studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier, men med individuell karaktersetjing basert på journalistisk kvalitet. I tillegg skal det lagast individuelle produksjonsrapportar med analyse av produksjonen og eigen produksjonsfunksjon. Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjon og produksjonsrapport, som tel 50% kvar ved utrekning av samla karakter.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Same som undervisningssemester

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon