Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Praksisførebuing

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMEVI263
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset skal gi studentane relevante kunnskapar, dugleikar og innsikter til å fungere godt i aktuelle praksisredaksjonar. Kurset skal og bidra til oppøving av eige ansvar og forsvarleg, fagleg autonomi. Studentane får grunnleggande kunnskapar om sentrale forhold ved det norske samfunnet, som til dømes rettsprosessen, lokaldemokratiet og helsevesenet. Det blir fokusert på å videreutvikle profesjonelt journalistisk skjønn og fagleg dugleik på tvers av plattformer. Teknologiske og etiske aspekt ved digitaljournalistikk står sentralt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale samfunnsinstitusjonar
  • har kunnskap om praktisk organisering av journalistikk i redaksjonar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytta kunnskap om sjanger, metode og etikk i praktiske situasjonar
  • kan nytta kunnskap om sentrale samfunnsforhold i journalistisk arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan meistra fullverdig deltaking i ein redaksjonell kvardag

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106, INFOMEVI165, INFOMEVI167, INFOMEVI168

Studiepoengsreduksjon

MEVI264 (15 sp)

Krav til studierett

Bachelorprogrammet i journalistikk (BASV-JOURN)

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir lagt opp til undervisning der relevant teori og praktiske trening blir integrert. Undervisninga skjer i form av førelesingar, seminar og workshops. Studentane trene på redaksjonell eigenorganisering og intensiv publisering på ei eiga internplattform. Her står uttesting av metodar, mengdetrening og oppøving i konstruktive tilbakemeldingar og etiske refleksjon sentralt. I desse periodane vil det vere faste redaksjonsmøte.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Minimum 80 prosent deltaking i teoretisk undervisning.
  • Obligatorisk frammøte-og produksjonskrav i praktisk del blir gjort kjent ved oppstart.

Desse krava må vere oppfylte før innlevering av refleksjonsrapport.

Vurderingsformer

Skriftleg refleksjonsrapport på 2000 ord.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontakt