Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i journalistikk

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEVI265
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset gir studentane analytiske evner og trening i arbeid med journalistfaglege problemstillingar. Emnet omfattar eit teoretisk-analytisk arbeid og ein medieproduksjon. Semesteret blir delt i to delar, der fokuset er på det teoretiske arbeidet i eine halvdelen og på det praktiske i den andre.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om planlegging av gjennomføring av eit større teoretisk-analytisk arbeid og ein medieproduksjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan avgrensa ein tematikk for fagleg utgreiing
  • kan gjennomføra eit teoretisk-analytisk arbeid og ein medieproduksjon
  • kan strukturera og logisk presentera eit teoretisk-analytisk arbeid og ein rapport basert på medieproduksjon.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføra prosjekt av ulike typar inn mot ein deadline.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOURN)

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing i to rundar på kvar av dei to deloppgåvene. Rettleiinga er primært individuell, men kan også føregå i grupper, dersom det er fagleg grunnlag for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Problemstillingar for dei to deloppgåvene skal vera godkjende.

Vurderingsformer

Vurderingsgrunnlaget er ei teoretisk-analytisk oppgåve med utgangspunkt i ei journalistfagleg problemstilling og eit større journalistisk arbeid, saman med ein produksjonsrapport. Produksjonsarbeidet kan gjerast i samarbeid med studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier, men med individuell karaktersetjing basert på journalistisk kvalitet. I tillegg skal det lagast individuelle produksjonsrapportar med analyse av produksjonen og eigen produksjonsfunksjon. Det praktiske arbeidet og rapporten blir vurdert samla. Kvar av dei to del oppgåvene - teoretisk-analytisk og praktisk - tel 50 % av samla karakter på bacheloroppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt