Film, TV og visuell kultur

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har fokus på medienes form og uttrykk, og deira kulturhistoriske kontekst. Med utgangspunkt i dei humanvitskaplege områda av medievitskapen, gjev emnet grunnlag for teoretisk refleksjon og analytisk handtering av til dømes film, tv, fotografi, dataspill. Tydinga av teknologiske og produksjonsmessige tilhøve for medietekstenes utforming og funksjoner er sentralt innafor temaet. Kva medieformer og teoretisk-analytiske tradisjonar som vert lagt vekt på kan variera.

Dette årets emne vil handle om ytringsfridom i populærkulturen og i kunstfeltet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskapar om utvalde teoretiske og analytiske tradisjonar som er sentrale for forståinga av medienes form og innhald.
  • har kunnskap om korleis medienes form og innhald heng saman med bestemte kulturhistoriske, teknologiske og produksjonsmessige vilkår.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan samanlikne, vurdere og diskutere viktige kjenneteikn ved ulike analytiske tradisjonar.
  • kan anvende teoretiske innsikter og omgrep i analysar av medieuttrykk og mediesjangrar.

Studiepoeng, omfang

15 ECTS

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, seminar og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Litteraturframlegging på seminar. Sjå eigne retningslinjer ved starten av semesteret.

Framlegging av tema for emneoppgåva på seminar. Sjå eigne retningslinjer ved starten av semesteret.

Obligatorisk frammøte på seminar (80%) og andre særskilde aktivitetar som fastsett av emneansvarleg.

Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler.

  • Rettleia emneoppgåve, omfang om lag 5000 ord. Tél 60 prosent av samla karakter.
  • Munnleg individuell eksamen. Tél 40 prosent av samla karakter.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet