Hjem
Utdanning
Masteremne

Politisk og strategisk kommunikasjon

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ei historisk, teoretisk og institusjonell forståing av politisk og strategisk kommunikasjon, særleg sett i høve til førestillingar om deliberativt demokrati. Emnet gjev også analytisk og praktisk innsikt i korleis politisk og strategisk kommunikasjon vert utøvd. I tillegg til generell forståing av strategisk kommunikasjon tilbyr emnet fordjuping innan eit særleg perspektiv på eller område for strategisk kommunikasjon. Denne fordjupinga kan dreia seg om medborgarkommunikasjon, kampanjekommunikasjon, politisk kommunikasjon, taleskriving eller til dømes tilhøvet mellom strategiske kommunikatørar og journalistar. Fordjupinga kan også handsama særlege felt (som strategisk utforming av mediepolitikk eller medieinstitusjonar sin strategiske kommunikasjon) eller særlege perspektiv (som etikk eller effekt). Emnet inneber praktisk arbeid med utvikling av ei strategisk ytring, kommunikasjonsplan eller liknande.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjera greie for teoriar om påverknad og strategisk kommunikasjon
  • kan gjera greie for den politiske og strategiske kommunikasjonen sin plass innan samfunn og demokrati
  • kan gjera greie for og nytta forskingsmetodar som analyserer korleis menneske og organisasjonar påverkar og overtyder

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tenkja retorisk og laga praktiske opplegg for strategisk kommunikasjon
  • kan utarbeida og framføra overtydande presentasjonar
  • kan bidra med rådgjevingskompetanse i strategisk kommunikasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapane sine til å forstå retoriske situasjonar og setja seg inn i strategiske kommunikasjonsutfordringar
  • kan bruka ferdigheitene sine til å analysere, formidla og rettleia i møte med slike situasjonar og utfordringar
  • kan bruke kunnskapene og ferdighetene sine til å identifisere og ta stilling til etiske problemstillinger, samt til å reflektera over spørsmål om politisk og strategisk strategisk kommunikasjon i forhold til funksjon, effekt, etikk og demokratiske ideal

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Bygger på MEVI104. Studentar som ikkje har MEVI104 blir tilrådd å sette seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar før semesterstart.

Studiepoengsreduksjon

MEVI349 (15 sp)

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og/eller seminar.

Studentpresentasjonar inngår vanlegvis som en del av undervisninga

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret må studentane gjennomføre presentasjoner i plenum.

Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av tre deler.

  1. Utarbeiding av ei praktisk strategisk oppgåve (e.g. strategisk ytring, kommunikasjonsplan eller liknande).
  2. Munnleg presentasjon av den praktiske oppgåva.
  3. Rapport om den praktiske oppgåva.

Del 1 og 2 tél 25 prosent kvar i eksamensvurderinga. Del 3 tél 50 prosent

Eksamen kan vere gruppebasert eller individuell. Gruppebasert eksamen har to modellar ein kan velje mellom. Ein kan gjennomføre alle tre delene som grupper. Eller ein kan gjennomføre del 1 og 2 som gruppe og del 3 som ein individuell oppgåve.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vurdering berre i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3.år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Praktisk oppgåve, presentasjon og rapport

    Trekkfrist
    04.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    • Eksamensdel: Praktisk oppgåve

      Innleveringsfrist
      28.11.2019, 10:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg presentasjon

      Eksamensperiode
      05.12.2019–06.12.2019
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Rapport

      Innleveringsfrist
      28.11.2019, 10:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen