Hjem
Studentsider
Masteremne

Journalistikkens samfunnskontrakt og makt

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMEVI305
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Journalistikken sin samfunnskontrakt godtgjer visse privilegier, som kjeldevern, innsynsrett og offentligheit. Dette er eit tankegods som ikke minst vert mobilisert som eit fundament for undersøkjande journalistikk. Dette kurset tek opp sentrale grunnlagsspørsmål for undersøkjande journalistikk. Gjennom førelesingar, seminar og workshops, vert førestillingar om journalistikken sin samfunnskontrakt og makt tematisert. Det handlar om journalistikkens normative grunnlag, og om korleis dette grunnlaget vert forvalta i ein digital tidsalder. Eitt av omdreiingspunkta vil vera litteratur om skandalar, og korleis makt i journalistikken kjem til uttrykk i konkrete skandaleforløp. Korleis blir normative trekk i samfunnsmessige skandalar mobilisert i journalistikken? Gjennom undersøkingar og analysar vil ulike former for journalistisk makt bli belyste. Dernest vil ein arbeide med konkrete døme på undersøkjande journalistikk: Korleis kjem eit normativt grunnlag til uttrykk i slike saker, og korleis blir den undersøkjande journalistikken si normative kraft utnytta i medieinstitusjonane si merkevarebygging?

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper 

Studenten

  • har kunnskap om journalistikkens normative fundament og samfunnsoppdrag.
  • har kunnskap om korleis journalistikkens makt kjem til uttrykk i dekninga av samfunnsmessige skandalar.

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan analyser korleis makt i journalistikken kjem til uttrykk i konkrete skandaleforløp.
  • kan skildra og analysera korleis journalistikkens normative grunnlag kjem til uttrykk i undersøkjande journalistikk.  

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i medievitenskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarende.

Tilrådde forkunnskapar

MEVI101 og MEVI221

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, seminar og individuell rettleiing. I fem økter på 4 timar vil studentane arbeida med både dagsaktuelt og historisk materiale i lys av det ideologiske fundamentet for moderne undersøkjande journalistikk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på seminar og andre særskilte aktivitetar fastsett av emneansvarleg. Godkjende arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Emneoppgåve med omfang på omlag 4000 ord.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Kvart tredje år

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarlig og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Instiutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@media.uib.no

Tlf 55 58 91 37