Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskingserfaring og metode: Overvakingsteknologiar i nyheitsmediene

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEVI310-3
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår 2020

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse.

Emnet vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Prosjekta som emnet vert knytt til kan vere store eksternt finansierte prosjekt, men òg mindre forskingsprosjekt av ulik karakter og eigenart. Prosjekta kan vere empirisk eller teoretisk orienterte, og vil ta føre seg ulike medievitskapelege problemstillingar innan felt som medieestetikk, journalistikk, mediebruk, kommunikasjon, teknologi og kultur. Siktemålet med emnet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.

Forskingsprosjektet ViSmedia handlar om ulike aspekt ved bruk av visuelle overvakingsteknologiar i nyheitsmedia. Prosjektet er empirisk, konseptuelt og eksperimentelt orientert. Mellom dei teknologiane som blir utforske spesielt er mobiltelefonar, droner og virtual reality. Prosjektet har si teoretiske forankring i RRI, som er eit EU-rammeverk for ansvarleg forsking og innovasjon. Prosjektet er induktivt, med eit særleg fokus på problemstillingar som dukkar opp i skjæringspunktet mellom nye visuelle teknologiar, journalistikk og etikk. Siktemålet med emnet er at studentane skal tileigne seg analytisk og praktisk innsikt i medievitskaplege tema, samt formidlingserfaring, gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet. Dette skjer ved at studentane tar aktivt del i workshops, forskingsseminar og formidlingsoppgåver i ViSmedia-prosjektet. Internasjonale forskarar vil bidra inn i undervisninga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om aktuell forsking på ei konkret medievitskapleg problemstilling
  • har inngåande kunnskap om teori og metodar som er relevante for å forstå denne problemstillinga
  • har kunnskap om arbeidsmåtar og utfordringar i prosjektarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk metodiske og analytiske tilnærmingar som vert nytta i aktuell forsking

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide i ei prosjektgruppe
  • kan formidle forsking gjennom presentasjon, poster, mediebidrag eller i sosiale medier

Studiepoengsreduksjon

MEVI310-1 (10 sp)

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Forskingsseminar og workshops. Anna prosjektretta aktivitet fastsett av emneansvarleg. Undervisninga er samla i delar av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på forskingsseminar og workshops som fastsett av emneansvarleg (75%).

Ei avgrensa formidlingsoppgåve knytt til tema for forskingsprosjektet som emnet tek utgangspunkt i. Format for formidlingsoppgåva blir fastsett av emneansvarleg, og kan til dømes vere retta mot forskingsformidling på nettstad eller sosiale medier, munnleg presentasjon av teoretiske omgrep på seminar, posters/plakat eller rapport frå empirisk arbeid.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over fire dagar.

Heimeeksamen kan ta utgangspunkt i workshops-øvingar eller formidlingsoppgåver i emnet, til dømes ved at oppgåva omfattar analyse av empirisk materiale studentane har tatt del i å samle inn.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påføljande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Kvart tredje år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Tlf 55 58 91 00