Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskingserfaring og metode: Politisk offentligheit og innvandringsdebatt

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEVI310-4
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår 2020

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse.

Emnet vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitenskap. Prosjekta som emnet vert knytt til kan vere store eksternt finansierte prosjekt, men òg mindre forskingsprosjekt av ulik karakter og eigenart. Prosjekta kan vere empirisk eller teoretisk orienterte, og vil ta føre seg ulike medievitskapelege problemstillingar innan felt som medieestetikk, journalistikk, mediebruk, kommunikasjon, teknologi og kultur. Siktemålet med emnet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.

Forskingsprosjektet The Immigration Issue in Scandinavian Public Spheres 1970-2015 (Scanpub) er eit Toppforsk prosjekt i Norges forskingsråd, involverer ei rekkje forskarar ved instituttet, samt partnarar i København, Stockholm og Oslo og ein rådgjevande komité med verdsleiande forskarar som medlemer. Prosjektet tek utgangpunkt i ein observasjon om at dei skandinaviske landa, på trass av sine mange likskapar og nære band, og liknande innvandringsmønster, har hatt ein svært ulik innvandringsdebatt og innvandringspolitikk. Ei sentral oppgåve er her å beskrive, analysere, samanlikne og evaluere det offentlege skandinaviske ordskiftet om innvandring gjennom 45 år, i presse og kringkasting, i nyheiter, underhaldning og i kunstnariske bidrag som filmar, tv-seriar, romanar, i politisk debatt m.m. Med Jürgen Habermas og annan offentligheitsteori som overgripande perspektiv forsøker prosjektet svare på korleis den skandinaviske offentligheita eigentleg fungerer når den skal handtere grunnleggjande samfunnsspørsmål og utfordringar, og kva faktorar som spelar inn for å forklare dei nasjonale skilnadane. Emnet vil gje metodisk erfaring gjennom praktisk og analytisk arbeid knytt til relevante tekster, det vere taler, avistekster, fjernsynsprogram, kunstnarlege bidrag m.m. Tilnærmingane til tekstene kan vere både kvalitative og kvantitative.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om aktuell forsking på ei konkret medievitskapleg problemstilling
  • har inngåande kunnskap om teori og metodar som er relevante for å forstå denne problemstillinga
  • har kunnskap om arbeidsmåtar og utfordringar i prosjektarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk metodiske og analytiske tilnærmingar som vert nytta i aktuell forsking

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide i ei prosjektgruppe
  • kan formidle forsking gjennom presentasjon, poster, mediebidrag eller i sosiale medier

Studiepoengsreduksjon

MEVI310-2 (10 sp)

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Forskingsseminar og workshops. Anna prosjektretta aktivitet fastsett av emneansvarleg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av oppgåvetema (1000 ord), med framlegging på seminar. Sjå retningslinjer ved starten av semesteret. Oppgåva vil typisk ta form av ein analyse (kvalitativ eller kvantitativ) av utvalde tekster som er relevante for og kan bidrage til SCANPUB si forsking.

Obligatorisk frammøte (75%) på seminar og andre særskilde aktivitetar som fastsett av emneansvarleg.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over fire dagar.

Heimeeksamen kan ta utgangspunkt i workshops-øvingar eller formidlingsoppgåver i emnet, til dømes ved at oppgåva omfattar analyse av empirisk materiale studentane har tatt del i å samle inn.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påføljande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Kvart tredje år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Tlf 55 58 91 00