Hjem
Studentsider
Masteremne

Forskingserfaring og metode: Retorikk og truverde i COVID-19-krisen

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår 2021

Undervisningsstad

-

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse.

Emnet vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Prosjekta som emnet vert knytt til kan vere store eksternt finansierte prosjekt, men òg mindre forskingsprosjekt av ulik karakter og eigenart. Prosjekta kan vere empirisk eller teoretisk orienterte, og vil ta føre seg ulike medievitskapelege problemstillingar innan felt som medieestetikk, journalistikk, mediebruk, kommunikasjon, teknologi og kultur, retorikk og strategisk kommunikasjon. Siktemålet med emnet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.

Emnet MEVI310-6 er tilknyttet forskningsprosjektet Pandemic rhetoric som undersøkjer korleis helsemyndigheiter kommuniserer i COVID-19-krisa, samt korleis deira tillit og truverde vert etablert, utfordra og reforhandla i mediene. Med bakgrunn i prosjektets empiriske materiale, teoriar om troverdigheit og tillit, retorikk og strategisk kommunikasjon utforskar vi i dette emnet slike spørsmål.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om aktuell forsking på ei konkret medievitskapleg problemstilling
  • har inngåande kunnskap om teori og metodar som er relevante for å forstå denne problemstillinga
  • har kunnskap om arbeidsmåtar og utfordringar i prosjektarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk metodiske og analytiske tilnærmingar som blir nytta i aktuell forsking

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide i ei prosjektgruppe
  • kan formidle forsking gjennom presentasjon, poster, mediebidrag eller i sosiale medier

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningen består av forelesningar og gruppearbeid.

Forelesningane vil gje innsikt i prosjektet Pandemic rhetoric, i ethos, troverdighet og tillit, samt i retorikk og strategisk kommunikasjon. Forelesningene vil også gje introduksjonar i forskingsarbeid.

I gruppearbeidet vil studentane i grupper gjennomføre forskingsaktivitet på bakgrunn av relevant teori og empiri knytta til prosjektet Pandemic rhetoric. Arbeidet kan til dømes innebære å utvikle problemstillingar, innsamling av materiale, etablere relevante kodar og kode materiale, samt å gjennomføre analyse av anten kvantitativ og kvalitativ art. Gruppearbeidet vert utført under rettleiing og kvar gruppe må gjennomføra ein plenums-presentasjon av sitt arbeid, samt gje tilbakemelding på ein annen gruppe sitt arbeid. Gruppearbeidet er obligatorisk aktivitet. Deltaking, skriftlig resultat og presentasjon må godkjennast for å kunne ta eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppearbeidet er obligatorisk aktivitet. Deltaking, skriftlig resultat og presentasjon må godkjennast for å kunne ta eksamen.

Oppdatert: Grunna koronasituasjonen vil det ikkje vere krav om fysisk obligatorisk oppmøte vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

4 dagars individuell heimeeksamen. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påføljande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB. 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    31.05.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    04.06.2021, 10:00
    Trekkfrist
    17.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen