Hjem
Studentsider
Masteremne

Media og celebritetskultur

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår 

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse. Emnet vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Siktemålet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.

Celebritetar, «kjendisar», har vorte stadig viktigare for mediemarknaden og mediepublikummet, og har ein enorm kulturell, sosial og økonomisk tyding i samfunnet i dag, til dømes i form av såkalla influencers. Dette kurset vil undersøka former for representasjonar av celebritetar i ulike mediekanalar, og ge eit historisk perspektiv på utviklinga til celebritetsjournalistikken og inkludera både produksjon, tekstanalyse og forbruk (reception). Forskjellige medium vil bli analysert, til dømes dagleg presse, vekeblad, motemagasin, sportspresse, reklame, musikk, film, radio, TV, sosiale medium.

Spørsmål som er sentrale i forskingsfeltet og som vil bli stilt på kurset inkluderer: Var det celebritetar i premoderne samfunn? Korleis har utviklinga av moderne, demokratiske samfunn og media dets påverka veksten av celebritetar og tydinga deira? Kva er definisjonen på ein celebritet? Kva skil ein celebritet frå ei stjerne? Kva er celebritetsjournalistikkens centrale diskursar?

Ein obligatorisk del av kurset er å skriva ei kortare analyseoppgåve om eit mogleg studieobjekt - ein celebritet, ein grupp celebritetar, eitt celebritetsarrangement etc. - og å diskutera forskjellige måtar å analysera det valde objektet på frå eit medieperspektiv, dvs. moglege problemstillingar, teoriar og metodar. Målet med oppgåva og kurset er å læra å analysera mediala framstillingar av kjendisar og deira ideologiske, kulturelle, kjønnsmessige og andre tydingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om aktuell forsking på media og celebritetskultur
  • har inngåande kunnskap om teori og metodar som er relevante for å forstå dette temaet
  • har kunnskap om arbeidsmåtar og utfordringar i prosjektarbeid

Ferdigheiter

  • kan ta i bruk metodiske og analytiske tilnærmingar som vert nytta i aktuell forsking

Generell kompetanse

  • kan nytta bibliotek, databasar og andre informasjonskjelder for å finna relevant informasjon i samband med eit prosjekt, og for å halda seg oppdatert om relevant litteratur
  • kan formidle forsking gjennom ulike presentasjonsformer

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er digital og består av digitale forelesninger og forskingsseminar/workshops med litteraturdiskusjon og metodiske øvingar. Anna prosjektretta aktivitet vert fastsett av emneansvarleg. Undervisninga kan vere samla i delar av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på forskingsseminar/worhshops og metodiske øvingar (minst 80%).

Ei avgrensa analyseoppgåve knytt til tema for forskingsprosjektet som emnet tek utgangspunkt i. Format for oppgåva vert blir fastsett av emneansvarleg, og kan vere skriftelig og/eller munnleg.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige inneværande og påfølgjande semester. 

Vurderingsformer

Heimeeksamen over fire dagar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påføljande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.05.2022, 09:00
    Innleveringsfrist
    03.06.2022, 10:00
    Trekkfrist
    16.05.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen