Hjem
Utdanning
Masteremne

Prosjektutvikling

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEVI340
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje kunnskap og ferdigheiter for utvikling av forskingsprosjekt. Studenten skal arbeide med prosjektdesign, metodiske grunnlagsspørsmål, litteratur- og kjeldearbeid, samt etikk. Gjennom utarbeiding av ei prosjektskisse for masteroppgåva får ein auka innsikt i litteratursøking og forskingsdesign, med særskild vekt på val av relevant teori og metode og ei fornuftig avgrensing av eit slikt prosjekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten

  • har oversikt over forskingslitteratur knytt til ei konkret problemstilling
  • har overblikk over relevante metodar og teoriar for å gje svar på problemstillinga
  • har kunnskap om forskingsetikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre søk i vitskapleg litteratur knytt til konkrete problemstillingar og tema
  • kan innhente informasjon om forskingsetiske regelverk og retningsliner, vurdere eigne prosjektplanar i høve til dette, og drøfte forskingsetiske problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikle ei skisse til eit forskingsprosjekt innanfor rammene for ei masteroppgåve. Skissa vil formulere ei klar problemstilling, grunngje val av metodar, gje oversikt over relevant litteratur og presentere ein konkret plan for arbeidet.
  • kan vurdere forskingsdesign i andre tilsvarande prosjekt, og gje konstruktive tilbakemeldingar.
  • kan utforme ei førebuande utgreiing av ei problemstilling eller eit tema

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Samlingar, i plenum eller mindre grupper. Individuell og felles rettleiing. Samlingane kan verte innretta som blokker med intensiv undervisning i nokre deler av semesteret.    

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Kort utkast til prosjektidé med tema, problemstilling og aktuell litteratur.
  • Eit lengre utkast til prosjektskisse, der tema og problemstilling er identifisert, samt at aktuell forskingslitteratur er forsøkt innarbeidd, saman med eit utkast til metodisk og analytisk tilnærming.

Det er obligatorisk oppmøte.

Vurderingsformer

Ferdig utarbeidd prosjektskisse på omlag 3000 ord.

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveileder@mevi.uib.no

Tlf 55 58 91 00 / 55 59 41 17