Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i medievitskap

Mål og innhald

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling. Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for medievitskap.

Masteroppgåva er eit skriftleg arbeid på om lag 80 sider/om lag 32000 ord. Masteroppgåva skal kunna gjennomførast med eitt års heiltidsarbeid, og gjev ei utteljing på 60 studiepoeng. Instituttet har utarbeidd ein rettleiingskontrakt som skal underskrivast av student og rettleiar, og som klargjer rettar og plikter for begge partar. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing. Dette betyr at vurderingskriteriane er dei same som ved vurdering av vitskapleg kvalitet elles, i lys av omfangsavgrensing og tidsramme for arbeidet.

Krav til vitskapleg framstilling inneber at masteroppgåva må a) innehalda rimeleg klart formulerte problemstillingar, b) demonstrera evne til oversiktleg og samanhengande framstilling, c) demonstrera kjennskap til hovudtrekk ved relevant forsking på feltet, d) innehalda analyse, argumentasjon og dokumentasjon i tråd med problemstillingane i oppgåva, e) eksplisera og gjera greie for eigne teoretiske og metodiske hovudval, som skal vera adekvate ut frå problemstillingane og f) demonstrera forståing av sentrale omgrep og konsistent bruk av desse i framstillinga.  

Tittelen på masteroppgåva vert synleg på vitnemålet.

Læringsutbyte

Studenten skal etter avslutta masteroppgåve ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gi grundige utgreiingar om forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og gi kritiske vurderingar av denne forskinga
  • forklare kva krav som vert stilt til og korleis ein arbeider med masteroppgåver og liknande prosjekt

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer
  • utforme ei vitskapleg problemstilling og forfølgje den gjennom bruk av medievitskapleg teori og metode

Generell kompetanse

Studenten kan

  • forholda seg til etiske problemstillingar i praktisk forskingsverksemd
  • raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder

Krav til forkunnskapar

MEVI340 og 50 studiepoeng med valfrie emner i kursdelen.

Krav til studierett

Masterprogram i medievitskap

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på midtveisseminar
  • Obligatorisk presentasjon

Etter at masteroppgåva er innlevert skal studenten gi ein presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva. Presentasjonen finner stad normalt same dag som justerande munnleg. Eksamenskommisjonen bedømmer den obligatoriske presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon, utan å levere oppgåva på nytt. Dette må skje i same semester som oppgåva ble levert. Godkjend presentasjon er ei føresetnad for å gå opp til justerande munnleg eksamen.

Vurderingsformer

Masteroppgåve og justerande munnleg

  • Ei masteroppgåve på omlag 80 sider/om lag 32000 ord.
  • Justerande munnleg eksaminasjon i form av samtale mellom kandidaten og kommisjonen om masteroppgåva, normalt avgrensa til 45 minutt.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester innan ordinær innleveringsfrist 1. juni. Masteroppgåva skal leverast via gjeldande tekniske løysing.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Masteroppgåve

    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen