Hjem
Utdanning
Masteremne

Arbeidslivspraksis for mediestudentar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMEVI390
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal få innsikt i og erfaring med kva type arbeid medievitarar kan utføra i arbeidslivet. Studentane får teoretisk innsikt i korleis medie- og kommunikasjonsarbeid føregår, etiske og praktiske utfordringar som typisk oppstår i slikt arbeid, og får høve til å hausta eigne erfaringar gjennom eit praksisopphald ved ei offentleg eller privat verksemd.

Emnet er delt inn i tre hoveddelar: Det pedagogiske opplegget består av ein serie førelesingar og seminar før praksisopphaldet. Her tar ein opp problemstillingar knytt til omstilling frå teoretisk til praktisk arbeid, får skrivetrening i sjangrar som er mykje nytta i arbeidslivet, og reflekterer over kva medievitarar kan bidra med i ulike bransjar. Praksisperioden vert lagt til ein offentleg etat eller ei privat verksemd. Arbeidsoppgåvene i praksisperioden er avtalt på førehand, og emneansvarlege held kontakt med student og arbeidsplass gjennom perioden. Etter praksisopphaldet skal studentane evaluera og reflektera over erfaringar og utbyte av praksisopphaldet. Det vert skipa til eit òpe seminar der studentane deler sine erfaringar med medstudentar og vertsbedrift.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva type arbeid og arbeidsoppgåver medievitarar kan utføra
  • har kunnskap om etiske problemstillingar i medie- og kommunikasjonsarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføra ei rekke kommunikasjonsoppgåver, og meistrar skriftlege, visuelle og interaktive kommunikasjonsformer som pregar medie- og informasjonssarbeid i dagens arbeidsmarknad
  • kan reflektera kring etiske problemstilling ein møter i yrkeslivet
  • kan halda muntlege presentasjonar med engasjement og innleving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka teoretiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter som er tileigna gjennom utdanninga i medievitskap i praktisk medie- og kommunikasjonsarbeid
  • kan ta del i nytenking, og nytte medievitskaplege perspektiv på nye område i eit arbeidsliv i endring

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Opptak etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, praksisopphald og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på førelesingar og seminar før praksisperioden. Deltaking og presentasjon på seminar etter praksisopphaldet. Oppmøte og aktivitetar under praksisopphaldet vert avtala med praksisverksemda.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Rapport der studenten evaluerer praksisopphaldet i lys av relevant litteratur. Rapporten skal ha eit omfang på rundt 5000 ord.

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret, vil det være muleg å ta ny eksamen påfølgande semester.

Emneevaluering

Kvart tredje år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

55 58 91 00