Introduksjon til media og kommunikasjon
- Studiepoeng20
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMEVIX100
- Talet på semester1
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Våre liv og våre samfunn er gjennomsyra av media. Få område er urørt av mediene si formidling, dei spelar ei viktig rolle i daglegliv, samfunnsliv og arbeidsliv. Dette emnet introduserer medier og kommunikasjon som eit fagfelt i skjeringspunktet mellom samfunnsfag og humanistiske fag. Emnet introduserer medievitskapen ved å ta føre seg aktuelle spørsmål om medias rolle for populærkultur, identitet, politikk, sosiale nettverk, eller medier og makt, og vise korleis samfunnsvitskaplege og humanistiske tenkjemåtar kan nyttast for å forstå desse spørsmåla. Emnet gjev ei innføring i akademisk skriving og praktisk trening i dette. Undervisninga inkluderer forelesningar, seminar og temadagar og praktiske oppgåver i medieproduksjon. Emnet er sterkt tilrådd i første semester på bachelorgraden i medier og kommunikasjon.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Kandidaten
- har kunnskap om modellar og perspektiv på forholdet mellom avsendarar, medietekstar og mottakarar i ein kommunikasjonsprosess.
- har kunnskap om medievitskapen si plassering mellom humaniora og samfunnsvitskap, samt kunnskap om samfunnsvitskaplege og humanistiske teoriar og fagtradisjonar
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale samfunnsvitskaplege tema og problemstillingar
- har kunnskap om akademisk skriving, med spesielt fokus på oppgåveoppsett og referanseteknikk
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruka sentrale medievitskaplege teoriar og omgrep
- kan bruka samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv på medievitskaplege problemstillingar
- kan skriva akademiske tekstar og brukar relevante referanseteknikkar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
- MEVI100 (10 sp)
- EXFAC00AS (5 sp)
- SV100 (5 sp)
Krav til studierett
Studentar på årsstudium i medier og kommunikasjon og bachelorprogram i medier og kommunikasjon vert prioritert. Andre studenter kan søke instituttet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i form av førelesingar, seminar og workshops.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i seminargrupper/workshops (80%) og godkjente seminaroppgåver. Seminaroppgåvene kan være både skriftlege eller munnlege, og kan romme praktiske øvingar i medieproduksjon eller formidling. Godkjende arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering:
- Metodeoppgåve (1/3 av mappa)
- Analyse- eller drøftingsoppgåve (2/3 av mappa)
Metodeoppgåva kan vere ein revidert versjon av seminaroppgåver studentane har fått tilbakemeldingar på. Det større arbeidet vil normalt vere ei analyse- eller drøftingsoppgåve på om lag 4000 ord, som vert fullført mot slutten av semesteret. Alle innleveringar er individuelle.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisninssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Innleveringsfrist
- 21.11.2022, 14:00
- Trekkfrist
- 07.11.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Oppgåve 1 - Metode
- Innleveringsfrist
- 21.11.2022, 14:00
Eksamensdel: Oppgåve 2 - Analyse
- Innleveringsfrist
- 21.11.2022, 14:00