Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ein teoretisk og praktisk introduksjon til interaksjonsdesign i eit medieperspektiv, med eit særleg fokus på brukarorienterte perspektiv knytt til mediebruk og -produksjon.

Vidare set emnet utdanninga i ein vitskapsteoretisk kontekst og gir ei forståing av korleis teori og praksis heng saman innan interaksjonsfeltet. Emnet gir òg trening å skrive akademisk kring interaksjonsdesign.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om aktuelle utfordringar i mediebransjen og kan gjere greie for relevansen av interaksjonsdesign for mediebruk og -produksjon.
  • kan demonstrere grunnleggande forståing av interaksjonsdesign med særleg fokus på brukaroppleving og brukarorientert design.
  • kan gjere greie for den vitskaplege forankringa til feltet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutere mål for brukarvenlegheit og brukaroppleving i design av interaktive produkt.
  • kan utvikle ein ide frå eit konsept til utvikling av enkle interaktive prototypar.
  • kan skrive oppgåver som analyserer og reflekterer kring interaksjonsdesign frå ein akademisk ståstad og med bruk av relevante akademiske kjelder.
  • kan nytte metodar for brukaranalyse og konseptutvikling.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan feltet interaksjonsdesign.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med fagfellar innan interaksjonsdesign.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
  • INFO162 (5 sp)
  • INFO262 (5 sp)
  • MEPRO100 (5 sp)
  • MIX101 (5 sp)
  • DIKULT101 (5 sp)
  • Studentar som tidlegare har tatt MIX101, men ikkje MEPRO100, oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.

    Krav til studierett
    Bachelorprogram i journalistikk, tv-produksjon og medie- og interaksjonsdesign
    Arbeids- og undervisningsformer
    Tilrettelagt undervisning i form av workshops og gruppearbeid (om lag 60 timar).
    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Studentane har følgjande obligatoriske aktivitetar:

    • deltaking i all undervisning
    • utvikle ein prototype i grupper
    • skriftlege oppgåver

    Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

    Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.

    Vurderingsformer

    Studentane blir vurdert gjennom ei skriftleg individuell emneoppgåve basert på pensum og eigen produksjon (3000-4000 ord).

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.