Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Interaksjonsdesign og visuell utforming

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMIX104
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet er todelt:

Modul 1 gir ei teoretisk og praktisk innføring i grafisk design, visuell utforming, og visuell kommunikasjon.

Modul 2 er eit gruppeprosjekt som gir praktisk erfaring med prosjektarbeid knytt til utviklinga av ei webside eller annan medieapplikasjon, og knytt saman dugleikar innan grafisk design med interaksjonsdesign og programmering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for ulike evalueringsmetodar, designprosessar og metodar for utvikling og testing.
  • kan gjere greie for sentrale omgrep i moderne interaktive brukargrensesnitt på mobile klientar og på verdsveven.
  • kan gjere greie for teoriar og prinsipp for grafisk design og effektiv visuell kommunikasjon.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte relevant publiseringsverktøy og bilderedigeringsverktøy.
  • kan integrere interaksjonsdesign, grafisk design og programmering i utviklinga av interaktive applikasjonar.
  • kan presentere ein enkel livssyklusmodell for interaksjonsdesign knytt til mediebruk eller -produksjon.
  • kan skildre ulike former for prototypingsaktivitetar, og produsere funksjonelle prototypar av interaktive medieprodukt.
  • kan produsere ikon, trådrammer og grafiske brukargrenseflatar som illustrerer medierelevante interaksjonsmoglegheiter, og forklare designvala som blei gjort.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere konseptuelle, praktiske og etiske problemstillingar knytte til evaluering av interaktive system.
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt innan fagfeltet interaksjonsdesign, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske retningslinjer og krav til universell utforming.
  • kjenner til forskings- og innovasjonsarbeid innan interaksjonsdesign, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MIX100

Krav til studierett

Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Tilrettelagt undervisning i form av workshops og gruppearbeid (om lag 60 timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane har følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • Obligatorisk deltaking i all undervisning
  • Levere oppgåve innan grafisk design
  • Utvikle ein applikasjon i grupper
  • Gruppa skal presentere to ulike iterasjonar av applikasjonen

Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ei individuell emneoppgåve (5000-6000 ord): Studentane blir vurdert gjennom ei emneoppgåve der dei diskuterer dei faglege vala som blei gjort i gruppeprosjektet, og set arbeidet i ein vitskapeleg kontekst.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt