Design for mediebruk
- Studiepoeng30
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeMIX202
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
30
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med emnet er å gjere studenten kjend med utfordringane knytte til design av system og grenseflatar som presenterer medieinnhald til mediebrukarar. Døme er nye interaktive forteljingsformat, nye metodar for å aksessere nyhende, og nye bruksformer for spelelement i sosiale media. Emnet legg vekt på brukarevalueringar av mediebruk såvel som produksjon av originalt medieinnhald basert på innsikter frå evalueringar. Emnet inkluderer følgjande tema:
Modul 1: Utforske eksperimentelt medieinnhald produsert i eit eksisterande og etablert medium (til dømes ein ny app for ei riksdekkande avis, eller originalt multimedialt innhald for ein etablert TV-kanal). I denne modulen lærer studentane å evaluere bruk av innhald med subjektive metodar som kvalitative intervju og/eller fokusgrupper, og med objektive metodar som blikksporing og stressarmbånd. Studentane lærer om mediebruk i utvalde sosiodemografiske grupper. Arbeidet føregår i grupper som vert laga av faglærarane.
Modul 2: Utvikle medieinnhald til eit eksperimentelt, ikkje-etablert grensesnitt (til dømes dokumentar for VR-briller). I denne modulen lærer studentane å produsere innhald for nye og lite utprøvde grensesnitt. Dei skal lage originale historier, storyboard og produsere lyd, video, animasjonar og interaktive funksjonar. Forteljingane skal bygge på innsikter frå modul 1, og vere laga til eksplisitte målgrupper. Arbeidet føregår i grupper som vert laga av faglærarane.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kvalitative og kvantitative metodar innan forsking på brukaropplevingar knytte til medieinnhald og mediedesign
- har kjennskap til sosiale teknologiar, spel og interaktive media, og brukargenerert innhald
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere mediebruk, brukargrupper og mediebrukstrendar i samtida
- kan identifisere utfordringar og produsere nye løysingar som betre støttar det brukarane treng
- kan nytte ulike metodar for å studere mediebruk og mediebrukarar
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff knytt til brukaropplevingar innan media, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med fagfellar og gjennom dette bidra til utvikling av god og etisk ansvarleg praksis
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MIX204 (20 studiepoeng)
Krav til studierett
Reservert for studentar på bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
- Rettleiing, instruksjon/lab og workshop (om lag 6 timar per veke i 12 veker)
- Feltarbeid (om lag 100 timer i ei firevekers periode)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
To deleksamenar:
- Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport på om lag 4000 ord frå brukarevalueringa. Evalueringa skal gjere greie for bruken av både subjektive og objektive metodar (modul 1, tel 1/2).
- Gruppelevering: Studentane lagar ein prototype og ein skriftleg spesifikasjon på om lag 1500 ord. Spesifikasjonen skal inkludere eit storyboard (modul 2, tel 1/2).
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.