Design for medieproduksjon
- Studiepoeng20
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMIX203
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
20 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med emnet er å presentere studenten for utfordringar knytte til design av system og grenseflatar som støttar medieprodusentar i deira arbeid. Døme er brukarvenlege og brukarorienterte løysingar som hjelper journalistar å navigere store datamengder, applikasjonar som støttar journalistar i felten, og grenseflatar for kollaborativ nyhendeskriving.
I modul 1 blir studentane introdusert til fagfelta medieproduksjonsstudiar, datastøtta samarbeid og arbeidsplasstudiar, og får trening i etnografisk-orienterte metodar som observasjon og intervju.
I modul 2 vil dei i grupper bli utplassert hos ei mediebedrift kor dei utfører eit feltarbeid som lærer dei selskapets rutinar, arbeidsprosessar, verktøy og interaksjonsløysingar. I løpet av praksisperioden observerer studentane arbeidarane, og intervjuar dei om praksisane og erfaringane deira.
I modul 3 lagar studentane ein prototype som hjelper medieprodusentane i arbeidet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan gjere greie for omgrep innan relevante felt som til dømes medieproduksjonsstudiar, datastøtta kollaborativt arbeid, og arbeidsplasstudiar
- kan gjere greie for kvalitative og kvantitative metodar og den rolla etnografiske metodar har i medieproduksjons- og arbeidsplasstudiar
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere utfordringar som mediepraktikarar har i det daglege arbeidet sitt, og foreslå løysingar knytte til korleis interaksjonsdesign og digital teknologi kan støtte samarbeid og forbetra arbeidsrutinar i mediebransjen
- kan utføre etnografisk-inspirerte feltstudiar på ein arbeidsplass
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar i samspelet mellom medieproduksjon og interaksjonsdesign både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis
- kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan fagfeltet interaksjonsdesign, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MIX201 (20 sp)
Krav til studierett
Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
- Rettleiing, instruksjon/lab og workshop (om lag 6 timar per veke i 10 veker)
- Feltarbeid i bedrift over ei firevekers periode
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gruppelevering: Studentane lagar ein prototype og ein skriftleg spesifikasjon (på 1800 ord +/- 10%) knytt til modul 3.
Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
To deleksamenar:
- Individuell oppgåve: Studentane skriv ei individuell oppgåve på om lag 3000 ord knytt til modul 1. (teller 50%)
- Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport på om lag 6000 ord frå feltstudie/brukarstudie knytt til modul 2. (teller 50%)
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.