Forskingsdesign og feltstudiar
- Studiepoeng30
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeMIX302
- Talet på semester1
- Språk
Engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med emnet er å gi studentane den teoretiske, metodiske og praktiske kunnskapen om korleis gjennomføre eit individuelt eller kollaborativt masterprosjekt knytt til mediedesign og interaksjonsdesign for media. Studentane vil gjennom deltaking i emnet utvikle eit konsept for eit praksisbasert forskingsprosjekt som skal vere empirisk forankra i brukardata som er innsamla spesielt for prosjektet.
Emnet blir organisert som ein serie av workshops som saman skal lede til utviklinga av ei prosjektskildring for masterprosjektet. Studentane vil utvikle ein ide som blir presentert for eksterne selskap. De vil óg gjennomføre ein empirisk studie av moglege målgrupper for prosjektet, og utvikle ei prosjektskildring.
Eksamen i emnet er ei individuell prosjektskildring. I dei tilfelle der studentane ønskjer å samarbeide om eit masterprosjekt, leverer dei kvar si prosjektskildring som skildrar korleis dei ulike delprosjekta heng saman.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Kan skrive ei klar prosjektskildring av eit planlagt forskingsprosjekt i medie- og interaksjonsdesign.
- Kan velje relevante teoriar og metodar i planlegginga av eit praksisbasert forskingsprosjekt innan brukarsentrert medie- og interaksjonsdesign.
Ferdigheiter
Studenten
- Kan integrere tenkjemåtar knytt til innovasjon, programvareutvikling, og mediedesign inn i eit forskings- og utviklingsprosjekt.
- Kan bruke kvalitative metodar i vurderinga av brukaropplevinga knytt til eit medium.
- Kan planleggje og utføre avanserte brukarstudiar ut frå relevante etiske standardar.
- Kan innhente vitskapleg litteratur knytt til konkrete problemstillingar og tema.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan evaluere etiske, praktiske og metodiske problemstillingar knytte til eit særleg forskings- og utviklingsprosjekt.
- Kan planleggje og gjennomføre empiriske studiar for å forstå brukarane av ein utvald medieteknologi, og vurdere dei etiske og sosiokulturelle implikasjonane av studiet.
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MIX302 får ein reduksjon på 10 studiepoeng i kombinasjon med kvart av følgjande emne:
- INFOMEVI300
- MEVI300
- INFO300
Krav til studierett
Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar, workshops, og rettleiing, om lag 4-6 timar kvar veke i 12-14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Levere ein feltrapport.
- Presentere prosjektskildringa i ulike utviklingsstadier.
- Gje tilbakemelding på prosjektskildringa til ein medstudent.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Prosjektskisse (ca. 5000 ord)
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Prosjektskisse
- Innleveringsfrist
- 06.06.2022, 14:00
- Trekkfrist
- 23.05.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen