Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i medie- og interaksjonsdesign

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMIX350
  • Talet på semester2
  • Språk

    Engelsk/norsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane gjennom eit praksisbasert masterprosjekt skal designe eller vurdere eit interaktivt mediesystem. Målet er sjølv å bidra til innovasjon, eller vurdere teknisk innovasjon innan medieteknologi.

Masterprosjektet kombinerer ein praksisbasert komponent med ein teoretisk og analytisk skriftleg komponent.

Den praksisbaserte komponenten kan vere utviklinga av ein prototype for til dømes ei brukarplattform for betre samhandling med strømmetenestar, ein ny sosial medieapplikasjon, eller eit digitalt spel. Den kan òg vere eit redesign eller forbetring av eit eksisterande produkt. Prototypen kan vere utvikla i samband med medstudentar, og/eller i samband med eit medieselskap. Den praktiske komponenten kan alternativt vere basert i eit feltarbeid der ein evaluerer og analyserer eit eksisterande medieprodukt.

Den teoretiske komponenten er ei individuelt skriven masteroppgåve som er ein akademisk analyse og evaluering av den praktiske komponenten.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan anvende teori og metodar frå interaksjonsdesign og brukaroppleving på eit høgt nivå i design av nye media
  • kan identifisere og nytte relevante forskingsmetodar i eit praktisk prosjekt

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan følgje ein prosjektplan, lede, utføre og fullføre eit praksisbasert forskingsprosjekt innan brukarorientert mediedesign eller interaksjonsdesign for media
  • kan kritisk evaluere og argumentere for metodiske og teoretiske val knytte til praksisbaserte forskingsprosjekt innan interaksjonsdesign for digitale media

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan samle data, analysere data, og diskutere forskingsresultat
  • kan skrive sjølvstendige, lengre akademiske oppgåver basert på eit praktisk prosjekt, og presentere eiga forsking munnleg
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan fagområdene brukarorientert mediedesign og interaksjonsdesign for media
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan raskt omstille seg til nye utfordringar og tileigne seg ny profesjonell kunnskap, og nytte denne kunnskapen i uavhengig og kreativt arbeid knytt til design av brukaroppleving for media
  • kan bidra til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan fagområdane, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet

Krav til forkunnskapar

MIX301, INFO361, MIX302

Krav til studierett

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing, seminar og workshop (om lag 50 t)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I tillegg til å arbeide med sitt eige masterprosjekt skal studentane delta i følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • månadlege møter med rettleiar og praksislærar/mentor
  • månadlege seminar kor studentane diskuterer og gir tilbakemelding på kvarandre sine prosjekt, og får hjelp til tekniske, praktiske eller teoretiske utfordringar.
  • individuell munnleg presentasjon av masterprosjektet
  • utstilling av prototype eller poster som skildrar marsterprosjektet

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Vurderingsformer

Masteroppgåve. Denne har ein praktisk komponent og ein individuell skriftleg komponent. Den praktiske komponenten kan vere individuell eller ei gruppeoppgåve. Den skriftlege komponenten skal vere på 15 000-20 000 ord.

Dei to delane vurderast og karaktersettast i sin heilhet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av instituttet kvart år

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt

Eksamensinformasjon