Masteroppgåve i medie- og interaksjonsdesign

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal gjennomføre eit praktisk basert og sjølvstendig forskingsprosjekt i medie- og interaksjonsdesign. 

Masterprosjektet kombinerer ein praksisbasert komponent med ein teoretisk og analytisk skriftleg komponent. 

Den praksisbaserte komponenten involverer eit design eller evaluering av eit interaktivt mediesystem. Målet er å bidra til innovasjon eller å vurdere teknisk innovasjon innan medieteknologi. Den praktiske komponenten kan vere utviklinga av ei prototype eller eit empirisk feltarbeid der studenten evaluerer og analyserer eit eksisterande medieprodukt eller praksisar i eit medieselskap. Den praktiske komponenten kan bli utvikla i samband med medstudentar, og/eller i samband med eit medieselskap.

Den teoretiske komponenten er ei individuelt skriven masteroppgåve som er ein akademisk analyse og evaluering av den praktiske komponenten.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan anvende teori og metodar frå interaksjonsdesign og brukaroppleving på eit høgt nivå i design av nye media
  • kan identifisere og nytte relevante forskingsmetodar i eit praktisk prosjekt

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan følgje ein prosjektplan, lede, utføre og fullføre eit praksisbasert forskingsprosjekt innan brukarorientert mediedesign eller interaksjonsdesign for media
  • kan kritisk evaluere og argumentere for metodiske og teoretiske val knytte til praksisbaserte forskingsprosjekt innan interaksjonsdesign for digitale media

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan samle data, analysere data, og diskutere forskingsresultat
  • kan skrive sjølvstendige, lengre akademiske oppgåver basert på eit praktisk prosjekt, og presentere eiga forsking munnleg
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan fagområdene brukarorientert mediedesign og interaksjonsdesign for media
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan raskt omstille seg til nye utfordringar og tileigne seg ny profesjonell kunnskap, og nytte denne kunnskapen i uavhengig og kreativt arbeid knytt til design av brukaroppleving for media
  • kan bidra til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan fagområdane, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
Rettleiing, seminar og workshop (om lag 50 t)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I tillegg til å arbeide med sitt eige masterprosjekt skal studentane delta i følgjande obligatoriske aktivitetar:
  • Rettleiingsmøter med rettleiar og praksislærar/mentor
  • Deltaking i framdriftsseminarar
  • Utstilling av masterprosjektet for publikum
Vurderingsformer
Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen.
  1. Masteroppgåva har ein praktisk komponent og ein individuell skriftleg komponent.
    • Den skriftlege komponenten er ei akademisk oppgåve på 15 000-20 000 ord. Denne oppgåva skal sette det praktiske arbeidet i ei vitskapleg samanheng. Den skriftlege delen teller 55% av den totale karakteren på masteroppgåva. 
    • Den praktiske komponenten er ein prototype og/eller eit større evalueringsarbeid og kan vere individuell eller gjennomført som gruppe. Det praktiske arbeidet teller 45% av den totale karakteren på masteroppgåva.
  • Den justerande munnleg eksamen består av en presentasjon og utspørring av kandidaten. Den justerande munnleg eksamen kan justere endelig karakter opp eller ned med ein karakter.
  • Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester

    Haust/vår

    Students with valid absence as defined in the UiB regulations § 5-5 can apply for an extended submission deadline to eksamen.infomedia@uib.no. The application must be submitted before the deadline for submission has expired.

    Litteraturliste
    .
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.