Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Miljø, klima og mennesket si historie

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir ikkje undervist vår 2019.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Mål og innhald

Menneske har omforma naturomgjevnadene sine i tusental av år gjennom å dyrke jorda og domestisere plantar og dyr. Menneskeheita sin påverknad på dei naturlege prosessane til planeten har dei siste 200 åra vore så massiv at den holocene epoken i etteristida har teke slutt. Vi lever no i den anthropocene epoken, med masseutrydding av dyreartar, klimaendringar og fysiske endringar i jordas overflate. Emnet diskuterer korleis geografiske faktorar, miljøforhold, samfunnsforhold og ulik tilgang på ressursar har ført til desse endringane og peikar på løysingar for eit grønt skifte og ei berekraftig utvikling. Emnet fokuserer særskilt på konsekvensane av domestisering av plantar, dyr og landskap, samt konsekvensane ulike former for energiutnytting har hatt på utvikling og endring av natur og samfunn. Resiliens og berekraft i sosio-økologiske system er sentrale omgrep i emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • Kan gjere greie for utvalde aspekt av den globale miljøutviklinga i eit berekraftperspektiv og greie ut om korleis ulikt naturgrunnlag har ført til at historia utvikla seg ulikt på de ulike kontinenta.
  • Kan gjere greie for samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og globale miljøendringar og kunne skissere løysingar for ei berekraftig utvikling.

Ferdigheiter

Studenten:

  • Har utvikla innsikt i dei miljø- og samfunnsdynamikkane som er avgjerande for å fremje berekraftig utvikling.
  • Beherskar prosjektarbeid om gitt tema og kan drive med kunnskapsbasert formidling.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har røynsle med prosjektjobbing.

Krav til studierett

Emnet er opent for studenter frå alle fakultet. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin studieplan vil bli gitt prioritet ved kapasitetsproblem.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte på første forelesing.
  • Obligatorisk deltaking på prosjektgrupper/ekskursjonar.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart fullført i. Den obligatoriske aktiviteten må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er digital eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    15.05.2018, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    01.05.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted