Hjem
Utdanning
PhD-kurs

Vitenskapsteori med etikk

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk

Kursinnhald

Kurset tar opp nokre problem av generell interesse i vitskapsteori og etikk. Eksempel er kompleksitet og usikkerhet, forholdet mellom vitskap og samfunn, vitskapsfolk sitt moralske ansvar og moralske dilemma skapt av moderne vitskap.

Kurset inneheld og valfrie modular. Kvar modul tar opp eit spesifikt emne, og deltakarane må velje tre modular.

Læringsutbyte

Hovudmålsettinga med kurset er å gjere deltakarane kjent med viktige emne i vitskapsteori og etikk, som kan vere nyttige i arbeidet med deira eigne prosjekt. Samstundes skal det gje eit breiare perspektiv på eige fagområde, ved at det utviklar ei betre forståing for kunnskapsteoretiske, etiske og samfunnsmessige aspekt ved eiga verksemd.

Undervisningsperiode

Vår- og haustsemesteret

Formelle krav

Krav til forkunnskapar

Fullført mastergrad eller tilsvarande, opptak til forskerutdanninga.

Vurderingsform

Dei to skriftlege oppgåvene og essayet dannar grunnlaget for vurderinga. Den endelege karakteren er "bestått" eller "ikkje bestått".

Fagleg overlapp

Emnet er ein del av det tidligere MNF390 Vitskapsteori med etikk for realistar.

Utfyllande informasjon

Program

Kurset vert undervist konsentrert: Alle forelesingar og seminar vert gitt i løpet av tre veker (måndag til fredag). Undervisinga er ei blanding av forelesingar og seminar. Seminara tar opp spesifikke emne, og gjennomgår øvingsoppgåver. I løpet av kurset må det leverast inn to skriftlege oppgåver.

Det krevjast at deltakarane følgjer 80 % av forelesingane og seminara.

Fagleg ansvar

Jeroen van der Sluijs Senter for vitskapsteori

TLF: 555 82795. Epost: Jeroen.Sluijs@svt.uib.no

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Vår- og haustsemesteret