Hjem
Utdanning
Masteremne

Kollegialt lærarkurs for naturvitskap og matematikk

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMNPED660
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk/Norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Tilsette ved MN-fakultetet som jobbar med undervising og utdanning

Undervisningssemester

Uregelmessig.

Emnet går over to semester, normalt med oppstart haust. Annonsering av emnet, men påmeldingsfrist, vil blir gjort til relevant målgruppe i god tid før emneoppstart.

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje ei gruppe undervisarar som deler et sosialt fellesskap (emne, institutt, program eller liknande) høve til å saman å fordjupe seg i pedagogiske problemstillingar som er relevante for deira eigen undervisingspraksis eller arbeid med undervising og utdanning.

Emnet består av to delar tilsvarande 2 + 1 (totalt 3) veker arbeid. Emnet introduserer deg til relevante tema og konsept innan læring og undervising, som skal utvikle dine undervisingsferdigheiter og tilrettelegge for studentane si læring. Det vert lagt vekt på å diskutere pedagogiske emne knytt til undervising og læring i MNT-fag, og emnet er retta mot undervisarar innan desse faga. Emnet krev ikkje tidlegare universitetspedagogisk bakgrunn, og både erfarne og nye undervisarar kan ta emnet.

Hovuddelen av emnet er eit SoTL*-prosjekt gjennomført i grupper. Prosjektet skal adressere eit undervisingstema som er relevant for deltakarane sin eigen undervisingspraksis og -situasjon. Prosjektarbeidet tilsvarar 40-50 timar arbeid per person og skal presenterast både skriftleg og munnleg. I tillegg skal deltakarane gje tilbakemelding på kvarandre sine prosjekt.

*SoTL = Scholarship of Teaching and Learning. Ei kollegial og vitskapleg tilnærming til undervisings og læring.

Læringsutbyte

Deltakarane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar:

  • Kunne analysere utvalde pedagogiske problemstillingar med utgangspunkt i kunnskap om studentane si læring og eigen undervisingspraksis

Ferdigheiter

  • Kunne delta i ein kollegial pedagogisk diskusjon forankra i relevant litteratur og dokumentasjon saman med kollegaer (kritiske vener)
  • Kunne presentere resultat av eit pedagogisk prosjekt, med kollegaer på universitetet som målgruppe
  • Kunne utvikle pedagogiske alternativ til bruk i eiga undervising, og argumentere for positive effektar på studentane si læring

Generell kompetanse

  • Vise ei forskande tilnærming i si pedagogiske verksemd

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Tilsette ved MN-fakultetet som jobbar med undervising og utdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Hovuddelen av emnet er prosjektarbeid i gruppe som omhandlar ei problemstilling som skal er pedagogisk relevant for deltakarane. Prosjektet presenterast skriftleg og munnleg av den samla gruppa. I løpet av emnet haldast seminar der gruppene får støtte i arbeidet med rapporten. I tillegg til prosjektarbeidet kjem litteraturstudiar, innleveringsoppgåver og skriving og tilbakemelding på undervisingsportefølje.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på seminar.
  • Litteraturstudiear (lese- og skriveoppgåver).
  • Prosjektarbeid (i grupper). Planlegge, gjennomføre og presentere munnleg og skriftleg eit SoTL-prosjekt som omhandlar ei relevant pedagogisk problemstilling.
  • Skrive og gje tilbakemelding på undervisingsportefølje.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Deltaking på seminar.
  • Godkjende innleveringar (skriftleg).
  • Godkjend prosjektoppgåve.

Karakterskala

Godkjent/ikkje godkjent

Vurderingssemester

Uregelmessig

Litteraturliste

  • Biggs, J. & Tang, C. (2011), Teaching for Quality Learning at University, 4th ed, The Society for Research into Higher Education.
  • Handal, G. (1999), Consultation Using Critical Friends, New Directions for Teaching and Learning, 76, pp 59-70.
  • And other relevant literature to complete the course project.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av deltakarane kvar gong det vert undervist.

Emneansvarleg

Førsteamanuensis II Roy Andersson og Professor Arild Raaheim

Administrativt ansvarleg

bioCEED ¿ Senter for framifrå utdanning i biologi, i samarbeid med MN-fakultetet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

bioCEED (oddfrid.forland@uib.no)

studie@bio.uib.no