Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkteori folkemusikk 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB106
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

 Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle og styrke kjennskapen til omgrep og teknikkar som er i bruk i tradisjonsmusikk, og å styrke studenten sine evner til å arbeide analytisk med desse.

Innhald:

Emnet omfattar:

1. Generell musikklære

2. Folkemusikkretta notelære og høyrelære

3. Analyse av folkemusikkmateriale

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner til grunnleggjande musikkteoretiske og musikkhistoriske omgrep og kan knyte desse omgrepa til konkret musikkoppleving. Vokalstudentar har kunnskap om sjangeranalyse og tekstforståing

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan bruke grunnleggjande analyseteknikkar retta mot rytmikk, tonalitet, form og variasjonsproblematikk

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan orientere seg i ein musikalsk notasjon og bruke slik notasjon i analytisk arbeid.

Krav til forkunnskapar

Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Førelesingar og gruppeundervisning med øvingsoppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen. Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:

- munnleg/praktisk prøve i høyrelære.

- ei mappe med fem godkjende oppgåver i analyse.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk v/Ole Bull Akademiet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00