Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Musikkteori folkemusikk 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

 Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten eit detaljert overblikk over omgrep, historie og sjanger innan tradisjonsmusikk, og å gje studenten godt grunnlag for å bruke analyseteknikkar og notasjon i arbeidet med folkemusikkmateriale.

Innhald:

Emnet omfattar:

- Generell musikklære

- Folkemusikkretta notelære og høyrelære

- Transkripsjon og analyse av folkemusikkmateriale

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* viser god forståing av grunnleggjande musikkteoretiske og musikkhistoriske omgrep og kan knyte desse omgrepa til konkret musikkoppleving

* har god kunnskap om stiltrekk i tradisjonsmusikken. Vokalstudentar har kunnskap om sjangeranalyse og tekstforståing.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan bruke analyseteknikkar retta mot rytmikk, tonalitet, form og variasjonsproblematikk, og kan gjere enkle transkripsjonar av folkemusikkmateriale

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan produsere enkel musikalsk notasjon og bruke slik notasjon i analytisk arbeid

Krav til forkunnskapar

 Greidd eksamen i emnet MOB106 Musikkteori folkemusikk 1.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og gruppeundervisning med øvingsoppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.

Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.

Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsform for vårsemesteret 2021.

Det planleggast for gjennomføring av munnleg/praktisk prøve med gjeldande avgrensingar i antall medverkande og publikum. Ved Covid-19 relaterte årsaker vil eksamen gjennomføres digitalt.

Skuleeksamen gjennomføres som heimeeksamen på fem timar.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformene:

Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:

- Munnleg/praktisk prøve i høyrelære.

- fem timar skuleeksamen i musikklære, transkripsjon og analyse.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk v/Ole Bull Akademiet

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen (heime) og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    20.04.2021
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Skriftleg eksamen (heime)

      Dato
      11.05.2021, 09:00
      Varigheit
      5 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen