Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hardingfelebygging 1

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB109
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss.

Mål og innhald

Emnet er eit tilbod til studentar som ønskjer fordjuping i hardingfelebygging vidare i studiet. Saman med MOB110 Felemakarhistorie erstattar emnet dei to emna MOB107 og MOB108 for slike studentar på andre år av bachelorstudiet.

Emnet skal utvikle dugleik og kunnskapar i hardingfelebygging. Studieopplegget har opplæring under direkte rettleiing av felemakar som sentralt innhald. Emnet omfattar:

  • Materialkunnskap: Bruksområde, emneval, arbeidsmåtar
  • Verktøykunnskap
  • Arbeidsprosess: Frå emne til ferdig instrument
  • Akustiske omsyn: Materialval, avstemming/tilpassing av delar
  • Kunnskap om bygging av andre strykeinstrument
  • Innføring i bogereparasjon
  • Teori: Akustikk og organologi

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten skal ha grunnleggjande kunnskapar innanfor dei fleste områda av hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøykunnskap, konstruksjonen til andre strykeinstrument, bogereparasjon, akustikk og organologi.

Ferdigheiter:

Studenten skal ha grunnleggjande ferdigheiter innanfor dei fleste områda av hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøybruk, akustiske omsyn og bogereparasjon.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å ta sjølvstendige faglege val på bakgrunn av fagleg rettleiing og litteratur.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 1. studieår av bachelorstudiet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet. Studenten skal i tillegg gjennom eit innlevert arbeid (instrument eller trearbeid) vise gode evner for hardingfelebyggjarfaget.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider under rettleiing av hardingfelemakar. Dersom det ligg til rette for det, kan studenten få noko tilleggsundervisning hjå spesialist i treskjering. Det er førelesingar/seminar i utvalde emne.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det skal leverast inn eit eksemplar av ein hardingfelekropp utan lakk/dekor. Materialhandsaming og byggjeteknisk kvalitet blir vurdert. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit litteraturpensum i eit breitt spekter av faget, inkl. akustikk og organologi.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet,

56 51 65 00, oba@olebull.no