Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Felemakarhistorie

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB110
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten historisk og stilmessig overblikk over hardingfelebyggjing.

Innhald:

Emnet omfattar:

- Hardingfela si historie

- Generell instrumentmakar- og særleg fiolinmakarhistorie

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har kunnskap om utviklinga av hardingfela og hardingfeledekoren, historiske felemakarar og deira instrument.

* kjenner til skilnader i byggjemåte, dekorstil og lydideal mellom sentrale hardingfelebyggjarar og mellom ulike delar av det geografiske hardingfeleområdet.

* har kunnskap om viktige

linjer i europeisk instrumenthistorie, særleg fiolinmakarhistorie.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan arbeide sjølvstendig med eit avgrensa emne innanfor felemakarhistorie og kan bruke resultata i ei skriftleg framstilling.

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser evne til å arbeide sjølvstendig med ei problemstilling innanfor eit avgrensa fagfelt og kan leggje fram resultata skriftleg i ei akademisk form.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 1. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk, studieretning Tradisjonsmusikk eller tilsvarande. Tilgjengeleg for studentar som tek emnet MOB109 og vidare fordjuping i hardingfelebygging.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av førelesingar/seminar og individuell rettleiing. Det blir arrangert besøk ved instrumentsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve på ca. 15 sider (Times New Roman, 12pt, halvannan linjeavstand) om eit sjølvvalt emne innanfor hardingfelemakarhistorie.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider, og eit utval på 10 historiske hardingfeler som studenten skal ha detaljert faktakunnskap om.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk v/Ole Bull Akademiet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00