Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Folkemusikkutøving 1

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB120
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

30 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving.

Innhald:

Studieopplegget tek utgangspunkt i den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken, med

vekt på munnleg og direkte tradering. Emnet omfattar:

- Læremeistersamvær, pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling

- Øveteknikk, mental trening, speleteknikk/stemme- og pusteteknikk

- Trening i formidling, PA- og opptaksteknikk og spel/song til dans

- Spel/song i ulike samarbeidsformer

- Tilleggsinstrument

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: Kunnskapar

Studenten ..

* har grunnleggjande forståing av tradisjonen i læremeisteren sitt distrikt og kunnskap om kjende utøvarar, slåttar/songar, slåttetypar/vokalsjangrar, tradisjonslinjer, takt og rytme, spelestil/songstil, tekstforståing/dialektvariantar og tradisjonen sin pedagogikk

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan utøve tradisjonsmusikk med god musikalsk og teknisk dugleik og eit breitt repertoar

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser god formidlingsevne og kan nytte grunnleggjande øvemetodikk og mentale treningsteknikkar.

Krav til forkunnskapar

Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Læremeistersamvær (individuelle undervisningstimar), pedagogikk, eiga øving, teknisk utvikling:

Dette er den viktigaste delen av studiet. Studenten kan ha ein eller fleire læremeistrar gjennom studiet, og det blir lagt opp til individuelle planar som skal ta omsyn til trongen for større innsyn og forståing for eigen tradisjon og impulsar frå andre tradisjonar. Med ¿eigen tradisjon¿ meiner vi den tradisjonen studenten ved opptaket har gjort til sin eigen ¿ det treng såleis ikkje vere den rådande tradisjonen på studenten sin heimstad. Læremeisteren sin tradisjon er ideelt den same som studenten sin. Dersom det ikkje er råd å finne ein dugande læremeister i studenten sin tradisjon, vil ein prøve å finne læremeister i ein så nær tradisjon som råd er. Dersom det er eit ynskje, vil studenten kunne få eit utvida tilbod i arkivbruk for å finne meir materiale knytt til eigen tradisjon. Dette skal likevel ikkje gå ut over læremeistersamværet.

Samværet med læremeister krev evne til sjølvstendig arbeid, og studenten må sjølv og i samarbeid med læremeister og studieleiinga ved Ole Bulle Akademiet leggje opp timeundervisning, øvetid og elles finne fram til praktiske løysingar for å nå dei mål studiet set. I starten av 1. semester blir det lagt opp ein arbeidsplan for samværet med læremeister. Framdrifta blir evaluert ved slutten av semesteret, og planen revidert i høve til målsetjinga. Studiet vil gje høve til individuelle timar eller gruppeundervisning i speleteknikk/songteknikk med andre lærarar enn den personlege læremeisteren, og individuelle timar med utøvarar frå andre tradisjonsområde.

Øveteknikk, mental trening, speleteknikk/stemme- og pusteteknikk:

Seminar, individuelle timar. Innføring i grunnleggjande øvemetodikk og mentale treningsteknikkar

til bruk ved innlæring og i framføringssituasjonar. Studiet vil også gje innføring i praktisk stell og vedlikehald av instrument, og råd og rettleiing i tekniske emne. Vokalstudentane vil få innføring i stemma sin fysiologi og anatomi, og råd og rettleiing av songpedagog.

Studenten skal føre eiga øvingsdagbok som blir drøfta i samtalar med leiinga for studiet.

Trening i formidling, PA- og opptaksteknikk og spel/song til dans:

Gjennom heile studiet blir det lagt opp til aktiv trening i formidling. Dette skjer gjennom konsertar i ulike format, både internt på Ole Bull Akademiet og ved ulike typar offentlege konsertar. Studentane skal få praktisk trening i PA-bruk og opptaksteknikk, i dansespel/slåttetralling, og for vokalstudentane blir det også praktisk innføring i songdans og songleikar.

Spel/song i ulike samarbeidsformer:

Gruppeundervisning. Målet er å utvikle evne til musikalsk orientering i samspelsituasjonar. Dette kan vere eit samarbeid med musikarar innanfor eigen sjanger, eller på tvers av ulike musikksjangrar («crossover»).

Tilleggsinstrument:

Individuelle timar. Studenten skal velje mellom dei instrumenta Ole Bull Akademiet kan tilby undervisning i. Det skal vere instrument som kan få fram viktige stiltrekk i tradisjonsmusikken, og kan eventuelt vere eit instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument. Studentar med hardingfele som hovudinstrument kan t.d. velje vanleg fele som biinstrument og vice versa. Studentar i spel kan velje song som biinstrument. Studenten vil få tilbod om noko individuell undervisning på det instrumentet som blir valt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og tilleggsinstrument, seminar, gruppeundervisning, deltaking i studentkonsertar og deltaking i song/spel til dans er obligatorisk.

Undervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

Studentane skal levere inn skriftleg rapport over gjennomførte undervisningstimar på hovudinstrument ved slutten av kvart semester.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 60 minutt spel/song med anna materiale enn det som vart lagt fram til opptaksprøva. Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ei veke før eksamenstidspunkt.

Spelet/songen blir vurdert ved ei avsluttande konsertframføring på 20 minutt. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00